Dirigerer trafikken: Bilane som kjem til Hatvik for å koma seg over til Venjaneset med ferja, får beskjed om å snu på ferjeleiet. Det er opplyst at det kan ta «nokre timar» før reserveferja er på plass.

Ventar på reserveferja. Det kan ta tid

Ferjesambandet Hatvik — Venjaneset har vore ute av drift sidan måndag kveld.

Nede på ferjekaia på Hatvik, er det ingen bilar å sjå. Det er fordi det står ein tilsett i Fjord1 der, og bed alle som kjem om å snu.

Han viser til operativ leiar i Fjord1, Bjørn Barstad, for uttale. Han kan likevel opplysa om at ferja er innstilt grunna tekniske problem, at ein ventar på reserveferja, og at det kan ta tid å få ho på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva tid var sist avgang?

— Det var frå Venjaneset måndag kveld klokka 22.50, fortel han.

Os & Fusaposten har førebels ikkje lukkast med å få kontakt med verken Barstad eller regionsleiar Tor Kristoffersen i Fjord1.