Realiteten: Kommuneoverlege Klaus Melf konstaterer at sjølv om viruset ikkje lengre blir rekna som like farleg, er realiteten «at nokre av dei mest sårbare ikkje vil tola ein covidinfeksjon»

– Vi kan ikkje lengre halda smitten unna

Det seier kommuneoverlege Klaus Melf til kommunen sine heimesider. Han forstår at det kan verka litt skremmande at ein no slepp opp.

– Eg forstår godt at det kan verka litt skremmande at vi no slepp opp, etter at det aller meste dei to siste åra har handla om å slå ned og hindre smitte. Det er ein akseptert risiko at smitten no spreier seg. Heldigvis har det vist seg at er det få som blir så sjuke av omikron at dei blir innlagte på sjukehus. Av dei som blir innlagte, blir dei alle fleste skrivne ut igjen etter kort tid. Det er få som har behov for intensivbehandling, seier Melf til heimesida til kommunen.

Han legg samstundes til at sjølv om viruset ikkje lengre blir rekna som like farleg, er realiteten «at nokre av dei mest sårbare ikkje vil tola ein covidinfeksjon».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei vil heller ikkje tola andre virusinfeksjonar. Når samfunnet har opna opp att, er det ikkje lenger mogleg å halde smitten unna sjukeheimar og andre institusjonar kor dei svakaste bur, seier han og held fram:

– Vi har alt fått smitteutbrot i fleire avdelingar. I dagane og vekene framover vil vi oppleve fleire slike utbrot. Sjølv om dei fleste er godt beskytta mot alvorleg sjukdom med tre vaksinedosar, så må vi dessverre vere førebudde på at nokre vil bli alvorleg sjuke og at det vil bli nokre dødsfall, seier kommuneoverlegen.

Les også
Nytt utbrot på Luranetunet. Smitte på nesten alle skular og barnehagar.

Sjukefråvær påverkar tenestetilbodet

I saka på kommunen sine heimesider vert det også konstatert at det er svært høgt sjukefråvær i helse- og velferdstenestene for tida.

Det vert vidare understreka at «ein jobbar kontinuerleg for å finna praktiske løysingar for å hindra at tenestene bryt saman».

– Vi må rekna med å ta ned ulike tilbod og prioritera det som er lovpålagte oppgåver, seier kommunalsjef for else og velferd, Monica Totland Melvold.

– Dette går truleg ut over heimehjelptilbodet. Dagsenter for eldre må framleis halda stengt og dei fleste rulleringsopphalda vil òg bli stansa ei tid framover. Vi håpar alle innbyggarar og brukarar av pleie- og omsorgstenestene våre har forståing for at vi står i ein svært krevjande situasjon, og at de er tolmodige med oss, held ho fram.