Rydda opp: Brukameratane Peder Fløysand, Bernt Norevik og Harald Døsen var på plass ved Knutabruo for å rydda før helga. Det skal ha sett ut som ein svinesti før dei starta.

— Vi ønskjer ikkje å gje oss, men det er forferdeleg tungt når folk ikkje har respekt for området

Brukameratane starta med dugnadsjobbing kring Knutabruo i 2015, og har halde på sidan. Brukarar av området har gjort det tyngre å stå på — spesielt den siste tida.

— Vi angrar på at vi rydda før du kom. Det har nok vore “kalas” her førre helg. Det såg ikkje ut, seier Bernt Norevik.

Det at ikkje alle klarer å oppføra seg eller rydda etter seg, er ikkje eit nytt fenomen. Men ved Knutabruo har det særleg den siste tida vore eit stort problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er nok slik at rot avlar rot, seier Norevik.

Det er skilt på staden om at ein skal lata trea stå i fred. Likevel er mange tre hogd ned. Andre har fått store skader, som dei nok vil døy av. Dette gjeld særleg området ved elva, som er minst synleg for turgåarar. Her er det også nokon som har rissa og skribla ulike ord og namn i treverket i den minste gapahuken. Bord og benkar er svært tilgrisa, og bålpanner i området er herja med.

— Kven vil koma her og setja seg ned og kosa seg? Det er ikkje råd å sitja på benkane, og vil ein eta av eit bord som er så skittent, spør Peder Fløysand retorisk.

Brukameratane har ved to høve hengt opp ei klokke ved stien. Denne har nokon klart å fjerna begge gongene.

Brukameratane vil ikkje stigmatisera. Dei meiner at det ikkje er éi gruppe som er problemet.

— Noko av dette ser ut til å vera ungdomsstrekar. Men så høyrer vi om familiar som er her, som ikkje ryddar etter seg, og der foreldre lèt born herja fritt.

— Folk må passa på kvarandre

Det er spesielt den siste tida at problemet har eskalert. Harald Døsen seier at dei ikkje kjem til å gje opp, men at det vert tyngre og tyngre å stadig måtta rydda etter andre eller fiksa det folk øydelegg.

— Normal slitasje er å rekna med, men dette er ikkje det. Vi ønskjer ikkje å gje oss på tap, og vi har ikkje lyst til å gje oss, men det blir tyngre når det er slik og folk ikkje har respekt for området, seier Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukameratane meiner at dei som bruker området må vera flinke til å seia ifrå når dei ser noko som ikkje er greitt.

— Folk må passa på kvarandre. Snakk til dei som griser, seier Døsen.

Fløysand fortel at to eldre kvinner gjorde nett dette til eit par barnefamiliar som skal ha herja. Då skal foreldra ha bede dei om å passa på seg sjølve.

— Slik skal det ikkje vera. Eg er sjokkert over å høyra slike ting.

Peder Fløysand kontakta avisa om saka før helga, og vi blei med brukameratane inn til Knutabruo fredag. Even Hjertaas var på staden og gjorde dugnadsarbeid rett etter at vi hadde vore der, noko Midtsiden har omtalt.