- Om det vert lagt gras på grusbanen, er det ikkje nok parkeringsplassar i samband med gravferder. Det må vera nok parkering på ein slik dag, påpeika Bjarte Samnøy (KrF).
- Om det vert lagt gras på grusbanen, er det ikkje nok parkeringsplassar i samband med gravferder. Det må vera nok parkering på ein slik dag, påpeika Bjarte Samnøy (KrF).

- Viktig med alternativ parkering

Fusa formannskap er positive til at Strandvik idrettslag vil utvida idrettsanlegget i bygda. Men ein må ikkje gløyma å leggja til rette for parkering.

Som Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne, påpeika formannskapsmedlemmene at ein må ta om syn til parkeringsbehovet ved til dømes gravferder.

- Før idrettsplassen vert stengt for parkering, må det leggjast til rette for alternative parkeringsplassar, påpeika Magne Djuvik (Frp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjarte Samnøy (KrF) meinte det same.

- Poenget er å synleggjera at det er trong for alternativ parkering, og at det vert gjort noko aktivt i forkant av gravferder, ikkje at idrettslaget sitt arbeid skal stagnera, sa KrF-politikaren.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) meinte situasjonen var løysbar ved hjelp av skilting og merking av parkeringsplassar i ein overgangsfase, men at ein burde oppmoda bygda til å ta i eit tak ekstra, til den nye parkeringsplassen ved Strandvik kyrkje er klar.