Vil be om utvisning

Etter å ha plaga ei kvinne ved fleire tilfelle fekk han måndag besøksforbod mot å oppsøka kvinnas bustad. Dagen etter dukka mannen opp igjen.

- Betjentane våre var kjapt ute og hanka mannen inn, men det er klart at for kvinna var dette ei ubehageleg oppleving, seier politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Audun Hadler-Olsen.

Mannen sit no i forvaring. Politiet jobbar med å få han utvist frå landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ein mann som er frå eit EU-land. I prinsippet kan han difor reisa fritt rundt i EU-landa, men etter desse episodane vil me no prøva å få han utvist frå landet, seier Hadler-Olsen.

Beslaglagt førarkort

Bilføraren som i går føremiddag var skuld i kollisjonen ved Lepsøykrysset på Halhjemsvegen har fått beslaglagt førarkortet.

- Mannen er meldt for ikkje å ha overhalda vikeplikten, noko som i dette tilfellet førte til at tre bilar vart involvert i ein kollisjon, seier Audun Hadler-Olsen.

Ein person vart lettare skadd i samanstøyten.