Planane om p-hus på toppen av dagens kollektivterminaltomt er skrinlagt. I staden blir det jobba med ei todelt løysing.
Planane om p-hus på toppen av dagens kollektivterminaltomt er skrinlagt. I staden blir det jobba med ei todelt løysing.

Vil ha to nye bygg i Os sentrum vest

I tillegg til eit treetasjes p-hus med handel og bustader vest for Byvegen, blir det føreslått å etablera eit bygg med sentrumsfunksjonar på dagens kollektivterminal.

Som Os og Fusapostenmelde i januar, er planane om p-hus på toppen av dagens kollektivterminaltomt, skrinlagt. I staden blir det jobba med ei todelt løysing. P-huset blir lagt på vestsida av Byvegen, altså der Circle K og gamle brannstasjonen ligg i dag. Samtidig søkjer ein å flytta Osøyro terminal ut i Byvegen og etablera kantstopp/ventelommer der. Ikkje ulikt løysinga som ernytta på Nesttun. Dette vil frigje areal ved rådhuset "slik at en kan bygge et bygg med sentrumsfunksjoner på disse arealene", heiter det frå plankonsulent Sweco.

P-hus med handel og bustad

I sist møte i plan- og bygningsutvalet vart detaljregulering for nytt parkeringsanlegg og kollektivterminal i sentrum starta opp, og desse planane presenterte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Siktemålet med planen er å bidra til å løysa parkeringssituasjonen på Osøyro. Parkeringsanlegget er planlagt som eit bygg med tre etasjar, med næring, handel og bustad i øvste etasje. Planen vil gi høve til ei trinnvis utbygging. Reguleringsplanen tar sikte på å sikra fleksibilitet i bygget slik at delar av parkeringsarealet på sikt kan utviklast til næringsareal. Reguleringsplanen må òg ta høgd for at parkering på sikt kan flyttast inn i fjellet, heitte det i saksutgreiinga.

Må ein riva for å laga fjellanlegg?

Dette kunne tolkast slik at eg det vil koma ein bygning framføre fjellet, og Harald Døsen (Ap) undra på om dette ville hindra det politiske ønsket om eit p-anlegg i fjellet.

- Dersom me byggjer dette og så seinare vil inn i fjellet får me ei utgift med å riva. Det må me sikra oss mot, sa Døsen, og føreslo at ein skulle ta eit eige punkt om dette inn i føresegnene.

Gustav Bahus (Frp) meinte at det ikkje var nødvendig.

- For meg er formuleringa at det skal takast høgd for at parkering på sikt kan flyttast inn i fjellet, heilt grei, sa Bahus. Partifelle Espen Aspenes (Frp) var einig, og viste til at sidan det er snakk om ei oppstartsmelding vil ein få meir på bordet når saka kjem til behandling.

- Du skal få koma i fjellet, sa Aspenes til Døsen.

Ikkje enten eller

Gustav Bahus gav uttrykk for at det kunne leggjast til rette for eit kombianlegg med ein fjelldel og ein del framme i dagen, ikkje ulikt modellen dei hadde nytta i Arendal.

- Der såg me at dei hadde p-hus i fjell og anlegg i dagen i tillegg. Når du først er komen inn i p-huset er du ikkje sikker på kva del av anlegget du er i. Måten det var gjort på reint bygningsmessig var å slå seg inn i fjellet først, og så ut i huset etterpå, sa Bahus, og la til at på Osøyro kan eit fjellanlegg til dømes ha området ved rundkøyringa som inngangsport.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uavklara om Osøyro terminal

Medan det blir jobba for å flytta Osøyro kollektivterminal, er det eit anna alternativ å kombinera dagens terminal med eit overbygg. Det går fram av administrasjonen sitt forarbeid.

- Osøyro skal fortsatt vera eit kollektivknutepunkt. Men kollektivterminalen kan eventuelt flyttast eller byggast over med eit bygg som kan romma ulike sentrumsfunksjonar, heiter det.

Harald Døsen var i alle fall klar på at det hasta å koma i gang med planarbeidet, all den tid kommunen har investert så mykje i oppgraderinga av sentrumsområdet.

- Me må få orden på det med parkeringa med tanke på desse store investeringane. Det er viktig å koma i gang med det så snart som råd, sa Døsen.

PBU gjekk samrøystes inn for å starta opp detaljreguleringsarbeidet.