Gjestehamna i Os har fått si eiga Facebookside. (Arkiv
Gjestehamna i Os har fått si eiga Facebookside. (Arkiv

Vil ha webkamera til båtfolket

I dag blei det laga ei eiga Facebookside for Os Gjestehamn for å betre nå ut til båtfolket. Det blir også jobba med å få på plass webkamera.

I eit møte i dag kom hamneutvalet fam til at det er viktig å få ut betre informasjon og sikra rett informasjon til båtfolket.

– Facebooksida vil fortløpande koma med nyttig og prakisk info om Os Gjestehamn, seier næringssjef Daniel Skotheim og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir også jobba med å få på plass webkamera til båtfolket, noko vi veit veldig mange nyttar for å sjekka forholda og talet tilgjengelege båtplassar.

Næringssjefen meiner at det å vera på soslaie medium er eit minstekrav for å bli ei attraktiv hamn for små- og fritidsbåtar.

– Kominasjonen av informasjonsdeling og marknadsføring gjer sosiale medium til ein godt eigna kanal også for Os Gjestehamn, seier Skotheim.