Leiinga ved Os barneskule er no i dialog med helsepersonell og spesialistar innanfor matalergi for å sjå om ikkje dei kan moderera fiskemat-forbodet dei nyleg kom med.
Leiinga ved Os barneskule er no i dialog med helsepersonell og spesialistar innanfor matalergi for å sjå om ikkje dei kan moderera fiskemat-forbodet dei nyleg kom med.

Vil vurdera å moderera forbodet

Det vakte stor merksemd då BT måndag skreiv om fiskematforbodet på Os barneskule. No vurderer skulen å moderera tiltaket.

Saka nådde Bergens Tidende etter at foreldre til elevar ved skulen reagerte på det svært så sterke fiskematforbodet skulen ville innføra.

I eit skriv til foreldre ved skulen vart det opplyst om at ingen elevar fekk lov til å ha med seg fiskemat, eller pålegg med fisk i. Til og med leverpostei, vart nemnd som eit pålegg ein ikkje kunne ta med. Dette fordi leverpostei til dømes kan innehalda ansjos.

Artikkelen held fram under annonsen.

God intensjon

Bakgrunnen for fiskemat-forbodet er plausibelt nok. Ein elev ved skulen er allergisk mot fiskemat og mat med spor av fisk i, og kan følgjeleg få alvorlege reaksjonar om han kjem i kontakt med fisk.

Likevel opplevde føresette til elevane ved skulen altså at tiltaket var noko drastisk.

Saka nådde etter kvart også landsdekkjande avisar. Skulen hadde nok berre gode intensjonar bak tiltaket, men reaksjonane lét ikkje venta på seg. Forbodet verka rimeleg omfattande, og avgrensande for den vanlege elev.

Jobbar med saka

Onsdag morgon var Os og Fusaposten i kontakt med rektor Renate Onstad for å høyra om reaksjonane etter saka kom ut. Ho ønskte ikkje å kommentera saka. I staden viste ho til heimesida, og ba oss lesa om siste utvikling der.

- Me ønskjer ikkje meir merksemd kring saka, men de står fritt til å skriva det som står på heimesida, sa Onstad.

Her er kva dei skriv:

«Som fleire av dykk kanskje allereie har lese, har BT skapa blest rundt ei sak som gjeld fiskeallergi. Os barneskule valde å gå breitt ut for å sikra ein elev ein trygg skulestart ut frå den informasjonen som var tilgjengeleg. Dette er vi takksame for at foreldre og elevar har teke på alvor.

No arbeider skulen vidare med saka og har tett samarbeid med helsepersonell og spesialistar på området.

Ut frå faglege vurderingar og i samarbeid med føresette, håpar vi å koma med informasjon som modererer tiltaka. Dette vil de føresette få skriv heim om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og berre slik at det er sagt; faget mat og helse vil framleis ha fisk på menyen! Der hadde vi tenkt eigne tiltak for å ikkje ramma denne eleven.

På Os barneskule synest vi det er viktig at allergi vert sett på dagsorden, slik at både vi og andre skular kan kvalitetssikra rutinar og tiltak i slike saker. Det viktigaste for oss er å sikra at alle elevar blir tatt godt i vare - også når det gjeld allergi.