Foredragshaldar Asbjørn Kristoffersen nøla ikkje med å kalla gamlingar «den nye olja». I stadig større grad kan me merka at det er fleire eldre no enn tidlegare. Men er det tale om ein trussel? Nei, det vil han ikkje vita noko av.
Foredragshaldar Asbjørn Kristoffersen nøla ikkje med å kalla gamlingar «den nye olja». I stadig større grad kan me merka at det er fleire eldre no enn tidlegare. Men er det tale om ein trussel? Nei, det vil han ikkje vita noko av.

Asbjørn Kristoffersen i Fusa senioruniversitet: - Utan pensjonistar stoppar Noreg opp!

Slik avslutta Asbjørn Kristoffersen sitt føredrag i Fusa senioruniversitet tysdag 25. september. Kva meinte han med det, då? Har ikkje me eldre i mange år fått høyra om den farlege «eldrebølgja»? At me blir for mange og at det blir dyrare og dyrare å ha desse gamlingane blant befolkninga? At det «blir verre og verre»?

Vel, denne seigliva forteljinga kan me kvitta oss med, var poenget i Kristoffersen sitt foredrag. Han reiv med muntre ord publikum med i denne oppløftande tankegangen, mellom anna med sitat frå boka si «Gamlingar løner seg ikkje» der det handlar om korleis det var før i tida. Men óg med nokre makroøkonomiske linjer om korleis stoda til dei eldre verkeleg er, no og i nær framtid.

- Det finst ein del pengar blant eldre folk, påpeika Kristoffersen, som med sine vel 70 år sjølv passar godt inn i dei eldres rekkjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har faste inntekter, er uavhengige av arbeidslivet. Me er gode forbrukarar. Me kan kjøpa og kjøpa. Og på den måten støtta opp under arbeidslivet. Me kan støtta landet, fordi me betalar moms som går rett inn i statskassa.

Og ikkje berre det. I hans – og vår – levetid har det vore relativt lett å få seg jobb. Slik er det ikkje no lenger for dei yngre. Mange jobbar vil forsvinna, t.d. i Posten der automatar tek over oppgåvene. Då kan me eldre seia: Me skal passa på at de får jobb. Me er arbeidsgjevarar. I pleie og omsorg ligg det mange oppgåver.»

- Omsorgsteknologi vert utvikla på fleire felt. Den skal tilfredsstilla behov. Men det er også ein marknad, sa Kristoffersen.

- Den kan koma vel med.

Og foredragshaldaren nøla ikkje med å kalla gamlingar «den nye olja». I stadig større grad kan me merka at det er fleire eldre no enn tidlegare. Men er det tale om ein trussel? Nei, det vil han ikkje vita noko av.

- Dei ekstra kostnader som det vert snakka om er berre bløff, siterte han ein professor.

Og Kristoffersen trur på det. Med alt det nyttige arbeid dei eldre tek seg av, kan det med rette seiast: «Utan pensjonistar stoppar Noreg opp!»

Ingen tvil om at publikum likte det dei høyrde. Humring fylte salen meir enn ein gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørghild des Bouvrie

Fusa senioruniversitet