For sokneprest Einar Ekerhovd starta skjærtorsdagen litt annleis enn han hadde sett for seg.
For sokneprest Einar Ekerhovd starta skjærtorsdagen litt annleis enn han hadde sett for seg.

Bamsens redningsmann

Då Nils (4) sin bamse – Nillo – vart attgløymt på feil side av fjorden, måtte sjølvaste soknepresten til pers.

Onsdag kveld vart av den triste sorten for Nils Sveinsson Holmefjord på Holdhus. Etter eit besøk i Os var bamsen attgløymt, og mor Kristin Holmefjord la ut følgjande rop om hjelp på Facebook. 

– Nillo er sårt sakna. Er det nokon som skal frå Os i retning Eikelandsosen dei næraste dagane, og som kan gje ho skyss?

Artikkelen held fram under annonsen.

Sokneprest i Fusa Einar Ekerhovd vart kopla inn. Han skulle til Fusa på skjærtorsdagsgudsteneste, og som busett i Os, må han over fjorden. 

– Når eg skulle den vegen likevel, så var det ikkje vanskeleg å seia ja til å gje Nillo skyss, småler Ekerhovd. 

Ikkje første gongen

Mor Kristin seier at jubelen stod i taket heime så snart det vart klart at presten tok med seg den kjære bamsen med til Fusa. Ho kan røpa at det ikkje er første gong bamsen stikk av. 

- Bamsen blei igjen i ei kyrkje i Bergen. Då var det den ortodokse presten i Os, Dmytro Ostanin, som blei redningsmannen.