Thorstein Skårnes har funne seg godt til rette på Drange og i Os. - Eg får energi av plassen og bygda, seier 32-åringen.
Thorstein Skårnes har funne seg godt til rette på Drange og i Os. - Eg får energi av plassen og bygda, seier 32-åringen.

Den ivrige tilflyttaren

Medan nykomarar flest gøymer seg på bakerste rad, gjer andre entré med ein smell og seier: Her er eg. Eg vil vera med.

Klasserom-metaforen er kanskje søkt, men den gjev eit bilete av korleis menneske oppfører seg som nykomarar i eit etablert miljø. Thorstein Skårnes kom til Os for under eit halvt år sidan. Den engasjerte herremannen plasserer seg definitivt blant dei som sit seg på "første rekkje i klasserommet".

- Eg har alltid engasjert meg. Det er berre sånn eg er. Eg har det frå morfaren min. Han var like dan. Var med på alt, og hadde ei meining om det meste, seier Thorstein og blir blank i augo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er gått ein halv time sidan Thorstein Skårnes ønskte meg velkomen i leiligheita si i Skjelåsen på Drange. Me har drukke kaffi og ete solskinsbolle, sett på utsikten mot Lysefjorden og filosofert over kvifor det er så godt å bu på ein open plass med urørt natur like utanfor stovedøra. Vidare har me gått kronologisk gjennom tilflyttarens 32-årige liv. Snakka om kvifor han hamna nettopp her, og kva han tenkjer om Os som bygd. Alt kjem me tilbake til seinare.

Ville heidra morfaren

- Du skjønar, eg var veldig glad i morfaren min. Han var eit førebilete. Ein mann eg såg opp til, seier Thorstein.

Mannen han snakkar om var ein godt likt kar. Då han døydde og vart gravlagt, var det knapt så det var nok plass i kyrkja.

I godstolen sin trivst Thorstein godt. Med utsikta over Lysefjorden og sine tre gullfiskar som selskap lèt han seg innspirera til å skriva 4-5 innlegg for veka på bloggen sin "Bare en mann".
I godstolen sin trivst Thorstein godt. Med utsikta over Lysefjorden og sine tre gullfiskar som selskap lèt han seg innspirera til å skriva 4-5 innlegg for veka på bloggen sin "Bare en mann".
Vår nye innflyttar er svært oppteken med å støtta lokalt næringsliv og lokale produkt. Ikkje berre i ord, men også i handling.
Vår nye innflyttar er svært oppteken med å støtta lokalt næringsliv og lokale produkt. Ikkje berre i ord, men også i handling.
Skårnes er oppteken av at Os skal halda sitt særpreg og fornya seg utan å forkasta det tradisjonsrike. (Illustrasjon frå Europan-konkurransen)
Skårnes er oppteken av at Os skal halda sitt særpreg og fornya seg utan å forkasta det tradisjonsrike. (Illustrasjon frå Europan-konkurransen)

- Han var ein sånn som alle kjente, legg Thorstein til.

Så brer det seg eit smil mellom skjeggebustane i ungkarens andletet.

- Eg skifta faktisk namn for å heidra han, seier Thorstein og held fram med å smila.

Eg må spørja om han faktisk meiner alvor.

- Hehe, ja, dønn seriøst. Morfar forska på slekta vår. Han fann ut me på hans side stamma frå ein gard i Lindås kommune. Gardens namn var Skårnes. Eg endra etternamnet mitt like etter at han gjekk bort. Det var min måte å seia takk for alt på til morfaren min, forklarer Thorstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vener frå gamledagar slit framleis med å hugsa at Thorstein no heiter Skårnes og ikkje Johannessen.

Landleg barndom

Thorstein voks opp på Florvåg på Askøy. Han skildrar eit oppvekstmiljø som ikkje kan samanliknast med dagens moderne Florvåg.

- I dag er det ein trafikkert og industrialisert plass. Då eg var liten, var me på landet. Det var stilt og fredeleg, nett som her, seier Thorstein, og forklarer med det noko av grunnen til at han i dag har hamna på Drange.

- Det å bu ein plass der eg ikkje treng bilete på veggen, men heller kan kikka ut og sjå naturens fire årstider er eit privilegium. No er eg komen der eg skal vera. Ein plass eg føler eg høyrer heime, seier Thorstein og hiv ein pinne til på i peisen.

Poker-bom

Tilflyttaren vår har som nemnd ikkje gått stilt i dørene etter han kom til Os. Både som Venstre-politikar, som bloggmann med bloggen «Baren en mann» og som aktiv på sosiale medium har han engasjert seg i det meste som skjer i bygda. 32-åringen angrar ikkje på det.

- Eg har fått mange vener og kjente på rekordtid. Og som sagt, eg er ein person som engasjerer meg. Slik er det berre, humrar han.

Han har mange historier som underbyggjer påstanden.

- Eg var vel elevrådsformann i eitt bankande køyr frå barneskulen til og med vidaregåande skule. Dessutan var eg russepresident i Bergen, leiar i unge Høgre på Askøy og hadde mange andre verv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Årsak, sa du unge Høgre?

- Ja, den gongen var Høgre partiet mitt. Eg var aktiv for dei inntil for fem-seks år sidan.

- Kva skjedde?

- Med åra fann eg ut at Venstres politikk stod meg nærare. Eg konverterte for to år sidan.

Då hadde han alt prøvd ut livet som profesjonell pokerspelar, reist slukøyra heim att til far og mor på Askøy, før han fekk seg jobb på Tine meierier i Bergen og byrja å bli vaksen.

- Du hadde ikkje pokerfjes?

- Eg trudde eg hadde det, men pokerlivet vart ikkje all verda innbringande. Me var to kompisar som skulle leva av det. Det heldt i 8-9 månader, ler han.

Ansvarsfull ung mann

Men på jobbarenaen gjekk det betre. På Tine meierier vart han kjapt lagt merke til og gjeve ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var jo også resultat av dette engasjementet. Eg gjekk til jobben med ein ide om å læra meg alt. Etter to veker vart eg vaktskiftleiar.

Trass i rask framgang vart han rastlaus etter eitt år.

- Då byrja eg å studera - tok eitt år med skipsmekling og litt reklame og marknadsføring.

Men det gjekk ikkje lange stunda før han var tilbake i yrkeslivet.

- Via ein bekjent fekk eg meg jobb hos fruktgrossisten TL Måkestad i Blomsterdalen. Eg starta som ordremottakar, men gjekk på med all min iver og ville igjen læra meg alt om bedrifta og arbeidsoppgåva på huset.

Thorstein gjekk såpass inn for å læra alt at han frivillig var med lastebil-sjåførane på ruta deira om laurdagen.

Nok ein gong vart pågangsmotet og entusiasmen for jobben lagt merke til.

- Eg fekk meir og meir ansvar. I dag jobbar eg som kontorsjef og har ansvaret for alle seljarane, samt dei andre i administrasjonen, seier han stolt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Starta lokalgruppe

Medan han framleis budde i Fyllingsdalen tok han opp igjen politikken. I mangelen på lokale Venstre-grupper i Oasen-land, starta han Fyllingsdalen Venstre i 2013.

Inntil for halvtanna år sidan sat han som leiar av gruppa.

- Du hadde tydelegvis nok å ta deg til i Fyllingsdalen. Var det berre naturen som lokka deg til Os?

- Famlien har i alle år hatt hytte på Skorpo, så eg har alltid hatt ei viss tilknyting. Dessutan var det noko forlokkande med det å flytta frå urbane Fyllingsdalen til ei bygd. Koma nærare sjøen, og andre menneske.

I god tid før kommunevalet i haust vart Thorstein medlem av styret i Os Venstre.

- Det har vore fantastisk å koma inn i den gruppa. Det er ein flott bukett med engasjerte og kjekke folk, smiler han.

Han hadde eit ambisiøst ønske om å få kommunestyre-plass på først forsøk. Det lukkast ikkje.

- Det var kanskje litt mykje å venta, men ved neste korsveg er eg klar, konstaterer han med bestemt røyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornya med det tradisjonelle

Etter at han kom til Os har han engasjert seg i brukamp-saka, kulturminne-tema, næringslivsutvikling og ikkje minst «Liv på Øyro».

- Etter ein småskarp "nettdebatt" med eigaren av «Nordisk Rom» på Osøyro inviterte han ho like godt på kaffi.

- Eg ville helsa på ho og klara opp i kva eg meinte. Ho viste seg å vera kjempekjekk, og me vart til slutt samde om at me ikkje hadde så ulike oppfatning likevel, seier han.

32-åringen er aller mest oppteken av at Os framleis må få vera ei bygd.

- Dette med «Liv på Øyro» og fornyinga av bydraget og tomteområdet ved Esso-stasjonen opptek meg. Det går an å fornya ein plass utan å forkasta det tradisjonelle. Både bygningsstil og utsmykning kan godt bera med seg kulturen Os har nedarva gjennom dei siste århundra, seier Thorstein.

Støtta det lokale

Thorstein er også oppteken av å støtta oppunder lokalt kulturliv og lokale produkt. På kjøkenbordet står ei flaske Lysefjorden RED IPA, på golvet ved godstolen står ein stålampe frå Vestlandske Tremøbler på Søfteland.

- Eg er patriotisk anlagt, og ønskjer å støtta lokalt næringsliv. Dette burde også vera osingars plikt, dersom dei ønskjer å ha lokale butikkar og lokale produkt tilgjengeleg.

Når det kjem til mat, er 32-åringen aller mest trufast mot restauranten ved Oselva.

- Eg har ete middag på Havnechefen kvar einaste laurdag sidan eg flytta hit. Eg er veldig interessert i mat, og har utveksla mange idear og tips med Frank Bruarøy.

Kulinarisk aften

Neste fredag inviterer Thorstein og Bruarøy til kulinarisk aften på Havnechefen. Då handlar alt om lokale produkt.

- Me håpar mange osingar finn vegen. Målet er å få til ein sosial kveld med rikeleg med god lokalprodusert mat, seier han.

- Heilt til slutt, Thorstein. Så aktiv som du er - du er ikkje redd for at folk meiner du er for ivrig?

- Nei, faktisk ikkje. Eg har berre fått positive reaksjonar så langt i Os. Eg er blitt glade i osingane, og dei ser ut til å setja pris på meg. Det må jo vera ein fenomenal start på eit langt og fint venskap, smiler Thorstein.

Faktaramme

Namn: Thorstein Skårnes

Alder: 32

Aktuell: Tilflyttar i Os

Bustad: Sjelåsen på Drange

Omtalar seg sjølv som: Hobbypolitikar, hobby-kokk og hobby-skribent. Har eigen blogg kalla «Bare en mann».