– Mitt inntrykk, etter å ha snakka med fleire, er at dette er eit problem også i barneskulen, sa Trine Lindborg (Ap), og fekk mistanken, meir eller mindre, bekrefta.
– Mitt inntrykk, etter å ha snakka med fleire, er at dette er eit problem også i barneskulen, sa Trine Lindborg (Ap), og fekk mistanken, meir eller mindre, bekrefta.

Drittslenging, diskriminering og sexisme i skulegardane i Os: - Me ser desverre ei negativ utvikling

I starten av mars fortalte Ea, Ellisiv og Ella om dårlege haldningar, munnbruk, diskriminering og sexisme i skulegarden på Austlandet. Men korleis er stoda i Os?

Dei tre niandeklassingane fekk mykje merksemd for Si;D-innlegget sitt «Billig og pulbar – #metoo kom aldri til skolegården», i Aftenposten 4. mars. Som følgje av innlegget heldt 14-åringane apell i Oslo på Kvinnedagen. Dei gjekk også i tog under eiga parole: «Jeg går på skole, ikke kall meg hore – stopp sexismen i skolegården!».

Beretningane til Ea, Ellisiv og Ella har fått mange til å reagera, og i kommunestyremøtet i Os 2. april, spurte Trine Lindborg (Ap) om korleis situasjonen er i skulane i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Éin ting er at det alle dagar har vore ein eigen sjargong blant dei unge, også i mi ungdomstid, men denne klare dreiinga til å omtala andre i svært diskriminerande ordelag, basert på rase, kjønn og seksuell legning får oss til å reagera, påpeika Lindborg.

Medan nokre ungdomar smilar det bort, og seier at det er jo berre tull, opplever andre ordbruken som problematisk og «ekkel», ifølgje Ap-politikaren.

– Mitt inntrykk, etter å ha snakka med fleire, er at dette også er eit problem i barneskulen. Dei yngste kan bruka slike ord om medelevane sine, gjerne utan at dei heilt veit tydinga av orda, sa Lindborg.

Ordørar Terje Søviknes (Frp) meiner tilbakemeldingane frå dei tre skulane, syner at ein tek problemstillinga på alvor. No vert saka sendt vidare til Bjørnafjorden ungdomsråd.
Ordørar Terje Søviknes (Frp) meiner tilbakemeldingane frå dei tre skulane, syner at ein tek problemstillinga på alvor. No vert saka sendt vidare til Bjørnafjorden ungdomsråd.

– Ein del av «daglegtalen»

For å svara på spørsmåla frå kommunestyrerepresentanten, har oppveksteininga i kommunen henta inn erfaringar frå dei to ungdomskulane i Os, Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule, samt frå éin barneskule, Kuventræ barneskule.

På Os ungdomsskule fortel fungerande rektor, Sturle Lekven, at elevar på 10. trinn har teke initiativ til eit arbeid for å betra språkbruken til elevane.

– Språkbruken knytt til nedsetjande ord vart opplevd som ein del av «daglegtalen». Elevrådet besøkte alle klassane for å få fram kva haldning dei har til dette, og for å redusera bruken av dei stygge orda, går det fram av svaret frå Os ungdomsskule.

Leiar og nestleiar i elevrådet var òg inviterte med på eit personalmøte. Her vart dei vaksne bedne innstendig om å ta tak i utfordringa, og vera tydelege med elevane når det gjeld kva som er akseptabelt, og kva som ikkje er det.

Os ungdomsskule trekkjer, til liks med Nore Neset ungdomsskule, fram MOT-prosjektet og skuleturane til Oslo som sentrale i arbeidet med å skapa gode verdiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å få ungdommar til å engasjera seg, vera tydelege og positive, er enormt viktig. Ungdommar er dei beste førebileta for andre ungdommar, påpeikar Lekven.

– Ser diverre ei negativ utvikling

På Nore Neset ungdomsskule skriv rektor Øystein Holmaas at dei fleste snakkar med, og til kvarandre på ein gode måte.

– Vi kjenner likevel til at ungdomar, spesielt i konfliktsituasjonar og situasjonar ein ønskjer å hevda seg i, omtalar kvarandre på ein nedverdigande måte. Det kan vera ein «trend» at dette er meir akseptabelt no, meiner rektoren.

Samstundes synest han det er vanskeleg å vurdera om det har vorte meir sexistisk språkbruk, eller mobbing knytt til for eksempel seksuell legning, eller om det har halde seg stabilt.

– At nokon vert utsett for krenkingar, er uansett ikkje greitt, påpeikar Holmaas.

På Kuventræ barneskule skriv ein at ein diverre ser ei negativ utvikling i måten elevar snakkar til, og om, kvarandre på.

– Det er mest blant dei eldste elevane dette er eit problem, men stygge ord og uttrykk vert også registert langt nedover i klassetrinna, skriv rektor Olav Røttingen, og legg til at språkbruken truleg er eit resultat av tida vi lev i, med nærast fri tilgang til sosiale medier og andre digitale kjelder.

På Kuventræ har ein sette språkbruken på dagsorden ved å oppdatera ordensreglane. Dei gamle ordensreglane vart ifølgje rektoren laga i ei heilt anna tid. Røttingen meiner dessutan det er viktig at alle vaksne er samkøyrte i korleis ein reagerer på uønska språkbruk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skal aldri gå forbi og lata som om vi ikkje høyrer, skriv han.

På spørsmål om ein opplever auka sexistisk språkbruk og mobbing på grunn av for eksempel seksuell legning, svarer Kuventræ barneskule at ein av og til høyrer ord som «homo», «bitch», «jøde» og «nazi» som skjellsord blant elevane. Dette vert sjølvsagt ikkje akseptert, men det viser seg at born gjerne ikkje er heilt klar over kva desse orda betyr. Gode og trygge vaksne som forklarer og rettleier, er viktig for å møta slikt, heiter det.

– Også eit foreldreansvar!

Ordførar Terje Søviknes (Frp) meiner, til liks med Trine Lindborg, at temaet er interessant. I kommunestyremøtet i starten av april sa han at tilbakemeldingane ein har fått frå skulane, syner at problemstillinga vert teken på alvor.

– Skulane har mellom anna fokus på dei vaksne, og deira rolle i arbeidet med å hindra uønskt språkbruk, sa Søviknes og la til at utfordringa definitivt også er eit foreldreansvar.

– Skal ein unngå ei negativ utvikling i skule- og fritidssamanheng, må ein ha gode førebilete i heimen også.

Vidare sa ordføraren at MOT er kommunen sitt viktigaste verktøy når det kjem til førebygging og haldningsskapande arbeid. Han understreka at prosjektet vil bli vidareført i Bjørnafjorden.

– I tillegg synest eg temaet er så interessant, at eg ønskjer å senda saka over til ungdomsrådet. Dermed kan ungdomsrådet diskutera temaet, og eventuelt koma med innspel til korleis vi som kommune kan angripa det i framhaldet, sa Søviknes.

camilla.kvamme@osogfusa.no