Laila Reiertsen meiner budsjettforslaget for 2016 gjev handlekraft til fleire arbeidsplassar, auka aktivitet og trygging for mange familiar.
Laila Reiertsen meiner budsjettforslaget for 2016 gjev handlekraft til fleire arbeidsplassar, auka aktivitet og trygging for mange familiar.

Eit Norge i endring

Landet vårt er i endring. Vi har ei auka i arbeidsløyse, den er stor og aukande særs på vestlandet.

Vi har samstundes ei stor auking i flyktningar. Desse to utfordringane må sjåast på kvar for seg. Regjeringa ser dette, og utøver mange tiltak i budsjettet for 2016. Samt at det kjem ei eiga sak som gjeld tilstrøyminga av dei mange flyktningane.

Det er særs vestlandet som merkjer ein vanskeleg arbeidsmarknad. Difor set regjeringa av 4 milliardar til ein tiltakspakke til opprusting av infrastruktur og vedlikehald av offentlege bygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gjev handlekraft til fleire arbeidsplassar, auka aktivitet og trygging for mange familiar.

Fleire psykologar

Ein tilfører også 4.000 nye tiltaksplassar der 1.000 inngår i ein ungdomspakke. Her er det Nav som skal styra, og plassane skal gå der ledigheita veks.

Ein veit at psykiske lidingar er aukande. Ei alvorleg helseutfordring meiner mange. Difor set regjeringa av 45 millionar som gjev rom for 150 nye psykologårsverk i kommunane. I primærhelsemeldinga varslar ein at det vert lovfesting av kommunane si plikt til å ha psykologkompetanse frå 2020.

I barnevernet styrkjer ein hjelpetiltak innan det førebyggjande arbeidet med 30 millionar. Ein ønskjer at alt skal være prøvd ut før ein går til omsorg-overtaking.

Ein styrkjer også tilbodet om psykisk hjelp for barn i barnevernet med 20 millionar. Det er også positivt at ein styrkjer bostøtta for barnefamiliar og andre store hushald med 60 millionar, og aukar tilsagns-ramma til tilskot til utleigebustader med 111, 1 millionar.

Samarbeid med frivillige

Regjeringa har og satt ned eit utval som skal sjå på alle overføringane til barnefamiliar samla. Dette for å sjå om det er andre og meir treffsikre måtar å innretta overføringane på. Dette arbeidet skal væra sluttført i løpet av 2016.

Samfunnet vil i framtida ha eit stort behov for tett samarbeid med det frivillige Norge. Difor er det fint at ein løyver 60 millionar i momskompensasjon for frivillige organisasjonar. 42,9 millionar meir i momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Samt 10 millionar til tiltak mot barnefattigdom innan frivillige organisasjonar.

Det er og gledeleg at ein reduserer avkortinga for grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar. Det har vore ein av FrP sin fanesakar over mange budsjett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mange gode tiltak på budsjettet for 2016. No byrjar forhandlingane med KrF og V. Så får ein sjå kor endringane kjem. Eg ser at på mitt ansvarsfelt som gjeld familie, har vi i alle høve eit godt utgangspunkt.

Laila Reiertsen

Stortingsrepresentant FrP

Familie -og kulturkomiteen