Som ein ekte diva prøver ho å nekta fotografen å ta bilete, men vi snik oss til eit foto av Astrid Skåtun likevel.
Som ein ekte diva prøver ho å nekta fotografen å ta bilete, men vi snik oss til eit foto av Astrid Skåtun likevel.

Endeleg fekk Astrid S. vera spiker

– Endeleg kan eg kalla meg spiker, ler muntrasjonsråd Astrid Skåtun etter å ha fått jobben som speaker på Strandvik Open.

Få har det i kjeften som Astrid Skåtun, eller Astrid S. som ho likar å kalla seg. Sjølvsagt debuterte vinnesingen i speaker-rolla med glans.

Eller spiker med i, som ho heller vel å titulera seg som.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva legg du vekt på når du kommenterer?

– Å få folk til å bruka pengar.  Og laga meir lyd. Dei ser så fine ut, men kunne godt ha heia litt meir på både volleyballspelarar og løparar. 

– Men det viktigaste er at publikum kosar, seier ho.

Elin Sundvor gjekk rett frå finalen i bedrifts-volleyballcupen, til å vinna dameklassen i Strandvikløpet.
Elin Sundvor gjekk rett frå finalen i bedrifts-volleyballcupen, til å vinna dameklassen i Strandvikløpet.
Born inga hindring.
Born inga hindring.
Denne jenta gav alt, og meire til.
Denne jenta gav alt, og meire til.
Stor prestisje i å vinna ein spurt.
Stor prestisje i å vinna ein spurt.
Lukkeleg over å vera ferdig.
Lukkeleg over å vera ferdig.
I år som i fjor var det ingenting å gjera med bergensaren Øyvind Macody Lund. Det er likevel formildande at familien har hytte på Skjørsand.
I år som i fjor var det ingenting å gjera med bergensaren Øyvind Macody Lund. Det er likevel formildande at familien har hytte på Skjørsand.

Hacka av Mikal Leigland

Etter det Astrid S. kjenner til, skal det ha vore andre som var ute etter speaker-jobben og som difor sytte for at lyden tidvis vart hakkete.

–  Eg mistenkjer Mikal Leigland for å ha hacka seg inn på mikrofonen min. Han har prøvd å muta meg før. Utan hell, heldigvis.

Dritmisunneleg!

Astrid overlet volleyballkommentering til sin langt yngre og kanskje meir idrettskyndige kollega Jonas Kvåle. Men idet løparane i det tre kilometer lange Strandvikløpet gjekk i mål, tok ho mikrofonen.

–  Heia heia! Hugs at alle vi som ser på er dritmisunnelege på dykk som er spreke nok til å springa.

Og då Strandvikløpets nemesis, bergensaren Øyvind Macody Lund, gjekk i mål som fyrstemann, kom fylgjande salve:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessverre er han i like bra form som i fjor. Vi hadde håpa at han ikkje var fullt så sprek, men vi gratulerer han likevel.