Når me vel å støtta alternativ 4, er det fordi dette er det alternativet som opprettheld skulestader som er best plassert i forhold til reisemønsteret ved arbeidsreiser, skriv Arild Heggland i dette lesarbrevet.
Når me vel å støtta alternativ 4, er det fordi dette er det alternativet som opprettheld skulestader som er best plassert i forhold til reisemønsteret ved arbeidsreiser, skriv Arild Heggland i dette lesarbrevet.

Endring av skulestrukturen i Fusa: Me må ta eit val

For Fusa Venstre er innhaldet i skulen viktigare enn plasseringa av skulen, skriv ordførarkandidat for Venstre i Fusa, Arild Heggland.

LESARBREV: Fusa Venstre vil tilrå at Fusa kommune går inn for å gå vidare med alternativ 4 i den pågåande høyringa om skulestruktur for framtidas Fusa. Fusa Venstre ønskjer då å ha skulestad på Fusa for elevane i Strandvik, Vinnes og Fusa, skulestad i Eikelandsosen for elevane frå Hålandsdalen og Eikelandsosen, samt behalde dagens skular i Søre Fusa og Nore Fusa. Dette er eit alternativ som er mogeleg å gjennomføra utan større investeringar. Noko som er viktig for ein pressa kommune-økonomi.

Fusa Venstre er klar på at me må gjennomføra endringar som er tilpassa tida me lever i og økonomien me har i kommunen. Kor lenge kan me halda fram med å skjera ned på ressursane til opplæring? Kor tid vil dette føra til at innhaldet i skulen forfell? No er me komne til eit punkt der me må ta grep.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Fusa Venstre er innhaldet i skulen viktigare enn plasseringa av skulen. Når me vel å støtta alternativ 4, er det fordi dette er det alternativet som opprettheld skulestader som er best plassert i forhold til reisemønsteret ved arbeidsreiser. Målet må vera at me både kan oppretthalda desse skulestadane og få tilbake SFO på alle skulane i Fusa. Skulestad på Fusa for Fusahalvøya bør ikkje vera kontroversielt, heller ikkje skulestad i Eikelandsosen for Hålandsdalen og Eikelandsosen.

Fusa Venstre ønskjer òg at det vert starta ein dialog med privatskulen på Vinnes for å sjå på høva for å få til ein overgang slik at desse elevane og kan venda tilbake til den kommunale skulen.

Fusa Venstre vil til sist oppmoda alle innbyggjarane i Fusa til å vera positive til endringane og vera med og bidra til optimisme istadenfor negativitet. Saman kan me då profilera Fusa som ein positiv kommune og gjera det me kan for å oppretthalda ein god skule.

Arild Heggland

Ordførarkandidat (V)