Til venstre står kontaktlærar Gyrid Ziegler, og attmed henne står Tiril, Emil, Karoline, William, Camilla, Milja, Odin og fagarbeidar Bente Fossmo. I midten står Julianne, Augustas, Anine, Ludvik, Adrian, Benjamin og Vilde. Fremst sit William H., Tobias, Ingebjørg, Tori, Aleksander og Jon med klassebamsen Teddy.

- Faddertimane er kjekkast

- Å ha leiketimar og vera saman med fadrane våre er det kjekkaste på skulen, seier førsteklassingen William.

Klasse 1b på Nore Neset tel i alt 20 elevar, 9 jenter og 11 gutar. Alle er på skulen den dagen me kjem for å fotografera klassen.

Me forstår snart at seks- og sjuåringane tykkjer det er stor stas å vera samen fadrane frå sjette klasse. Kvar elev har ein fadder, og nokre har endåtil to fadrar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me får av og til vera ute og leika saman med dei. Og så teiknar me og lagar spå i lag, fortel Anine.

Benjamin rekkjer også opp handa og fortel at han likar å leika med robotar når han er heime.

Elevane har ein klassebamse, og denne dagen er Jon spesielt heldig sidan han får halda på Teddy når me skal fotografera gjengen.