I dette rommet er det eigentleg bekmørkt, men nett her lysar underteikna sin blitz opp slik at me får sjå dei måpaande blikka på borna når Knut Inge Johnsen visar dei korleis verda vert gjenngjeven gjennom hola i veggen bak han.
I dette rommet er det eigentleg bekmørkt, men nett her lysar underteikna sin blitz opp slik at me får sjå dei måpaande blikka på borna når Knut Inge Johnsen visar dei korleis verda vert gjenngjeven gjennom hola i veggen bak han.

Fekk sjå verda opp ned

Knut Inge Johnsens cameraobscura fengja borna under skapingsdagane til Os Kyrkjelyd.

Inne i det eine rommet i Kyrkjelyden hadde Johnsen og hans medhjelparar lukka alt lyset ute frå vindauga. Det einaste lyset som sleppte inn var frå to små hol. Resultatet var fenomenalt. Verda utanfor vart spegla opp ned.

- Ser de noko speseilt på veggane her, undra Johnsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, der er kyrkjetårnet opp ned, ropte ei jente.

- ja, og på golvet flyg fuglar, kvitterte ein gut.

Foto med ukuleleboks

Fascinasjonen var like stor for kvar gruppe Johnsen fekk med seg inn i rommet. Sjølv hadde han problem med å forklara kvifor bilet-gjenngjevnaden vart som han vart.

På danserommet gjekk det i å spegla dansen til kvarandre.
På danserommet gjekk det i å spegla dansen til kvarandre.
Edle Svendsen hadde teaterkurs for borna i kyrkja.
Edle Svendsen hadde teaterkurs for borna i kyrkja.
Patricia Drange Svendal testar balansekunstane i ein pause.
Patricia Drange Svendal testar balansekunstane i ein pause.
Gro Helen Blindheim Skjælaaen ringjar inn til nye kurs-timar.
Gro Helen Blindheim Skjælaaen ringjar inn til nye kurs-timar.

- Det er pussig. Bilete vert opp ned. Eg kan ikkje forklara heilt kvifor, men eg veit at når me vert fødde, så også me eit slikt syn. Det er berre det at hjernen vår er såpass smart at han snur bilete opp ned, lo Johnsen.

Etter turen i mørkerommet fekk han med seg gruppa si ti eit anna rom. Der laga dei heimelaga kamera.

- Det er litt fascinerande dette også. I alle høve for borna. Det er ikkje mange som veit korleis ein kan laga kamera og bruka det til å ta bilete med, sa fotograf-læraren.

Ved hjelp av nokre pappeskar til ukulele-gitarar fekk kvar einaste av dei seks gruppane laga sitt eige kamera, som dei fekk gå ut å ta bilete med på Kyrkjeflaten.

75 born

For andre året på rad arrangerte Os Kyrkjelyd Skapingsdagar på kyrkjetunet, Kyrkjeflaten og i kyrkja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt 35 vaksne medhjelparar var med for å syta for at dei 75 påmelde borna fekk god støtte og rettleiing.

- Det er imponerande. Både talet på frammøtte born, og det faktum at me i tillegg til fem tilsette ved kyrkjekontoret, klarar å få med heile 35 til å hjelpa til. Dette er flott dugnad, skryter arrangementsansvarleg, Gro Helen Blindheim Skjælaaen.

Ho kunne fortelja om fullt program frå onsdag til og med fredag.

- Me har dans med Julia E. Bergesen, foto med Knut Inge Johnsen, Trommekurs med «Trommlars» alias Lars Kolstad, teater ved Edle Svendsen Lunde leirekurs ved Eil Bjånes og målekurs ved Vidar Bratlund-Meland.

Fekk gode idear

Sistnemnde fekk gode idear av å vera med så mange flinke og kreative born.

- Teamet er skaping, så ein kan jo seia at det er eit relativt breitt tema. Det passar meg bra, for dei har god fantasi, og eg steler insirasjon til den store gullmedalje, humra Bratlund-Meland.

I danserommet der Julia E. Bergesen hadde leiinga var dei to og to saman og dreiv med å spegla kvarandres dans. Det heile såg forbausande godt synkronisert ut.