Det vart ein brå overgang frå roleg morgonstell til full jubel for Gry Skarstein onsdag morgon.
Det vart ein brå overgang frå roleg morgonstell til full jubel for Gry Skarstein onsdag morgon.

Frå morgonstell til jubel

Jubelen vil ingen ende ta for 71 grader Nord-Gry. Onsdag følge Os&FusaTV 35-åringen frå morgonstell til jubel.

Det er tidleg morgon i Skeisheia på Nore Neset. Ektemann Morten Kjetland har nett vore på tur med hunden Nemi, og dei tre jentene Emma, Lilly og Malia blir skyssa ut døra for å gå til skulen.

Etter eit hade-kyss med Morten får Gry Skarstein eit lite kvarter for seg sjølv før ho skal på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er gått halvtanna døgn sidan TV-sjåarane fekk sjå Gry heisa 71 grader Nord-flagget til topps på Nordkapp. No skal lærarinna, "maskina" og trebornsmora få sin velfortente heider på arbeidsplassen sin på Os ungdomsskule. Os&FusaTV var med heile vegen.