I saksutgreiinga er sagt at det heiter Hålandsdal kyrkje. Dette er feil. Både munnleg og skriftleg er det namneforma Hålandsdalen kyrkje som vert nytta, skriv Herleiv Rolfsnes.
I saksutgreiinga er sagt at det heiter Hålandsdal kyrkje. Dette er feil. Både munnleg og skriftleg er det namneforma Hålandsdalen kyrkje som vert nytta, skriv Herleiv Rolfsnes.

Hålandsdalen - Hålandsdal - Litt om namneskikk i Fusa

Rett nok har Fusa kommune dårleg økonomi, men pengar til trykksverte for to bokstavar må me kunna sjå oss råd til.

I Os & Fusaposten for 1. oktober les me at Fusa kommune no reknar seg i mål når det gjeld å fastsetja ein del adresseringsnamn. Der blir det i tilrådinga frå fungerande rådmann slått fast at namneforma Hålandsdal har hevd lokalt i motsetnad til namneforma Hålandsdalen. Dette er direkte feil. Det finst berre eit par unntak der ein brukar namnet i ubunden form - Hålandsdal idrettslag og Hålandsdal musikklag.

I saksutgreiinga er sagt at det også heiter Hålandsdal kyrkje. Dette er feil. Både munnleg og skriftleg er det namneforma Hålandsdalen kyrkje som vert nytta. Det står også på smijernsporten ved kyrkja. I si tid heitte det Hålandsdalen sokn og Hålandsdalen sokneråd. I dødsannonser står det så å seia alltid: Vert gravlagd/bisett frå Hålandsdalen kyrkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

I same nummer av lokalbladet er det ein annonse der namneforma Hålandsdalen er nytta heile tre gonger: Matfest i Hålandsdalen, Hålandsdalen montesorriskule og Bygdutvalet i Hålandsdalen. Det heitte også Hålandsdalen sanitetslag og Hålandsdalen husmorlag så lenge desse laga eksisterte. Det heitte også i si tid Hålandsdalen kommune/herad og tilsvarande Hålandsdalen kommunestyre/heradsstye og Hålandsdalen skulestyre.

Det er derfor lang tradisjon for å bruka den bundne forma av namnet. Den ubundne forma er ein bastard og eit framandelement i den lokale namnetradisjonen.

Då namneforma for musikklaget skulle fastsetjast var det ein diskusjon om namneforma. Argumentet som vart framheva for å bruka ubunden form, var at det var kortare. Det fekk fleirtal.

Parallelt med denne problemstillinga nemner eg at det heiter t.d. Eksingedalen, Modalen, Jordalen og fleire slike her i Hordaland. Det same gjeld også t.d. dei store dalføra på Austlandet. Alle nyttar dei namnet i bunden form.

Spør du folk i dalen kvar dei bur, svarar dei så å seia utan unntak: Eg bur i Hålandsdalen. Rådmannen er såleis på ville vegar i dette spørsmålet kanskje p.g.a. dårlege rådgjevarar. For politikarane er det likevel ikkje for seint å snu. Rett nok har Fusa kommune dårleg økonomi, men pengar til trykksverte for to bokstavar må me kunna sjå oss råd til.

Herleiv Rolfsnes