Hannos pilegrimsferd til Holdhus kyrkje

- Endeleg fekk eg koma inn i kyrkja. Ho svara til forventingane, og vel så det, seier dansken Hanno Griffel.

Griffel var for første gong utanfor Holdhus kyrkje i 2004, men han kom seg ikkje inn då dørene var stengde. Sidan har han vitja kyrkja fire gonger, med det same resultatet.

- Eg er på gjennomreise. Eg skulle eigentleg nå ei ferje, men det var ikkje så viktig då eg såg at det var folk her og at dørene var opne. Endeleg, på det sjette forsøket, fekk eg koma inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Unik skulptur

Holdhus gamle kyrkje vart ombygd frå stavkyrkje til tømra hallkyrkje truleg i 1175. Det finst ei inventarliste frå kyrkja frå 1306, men kyrkja kan vera eldre. I Holdhus kyrkje kan ein sjå ein unik steinskulptur med ei gåtefull historie. Mariafiguren på Holdhus er den einas- te målte madonnaskulpturen i stein frå mellomalderen i Noreg. Skulpturen er frå 1400-talet.

Denne er Griffel spesielt fascinert av.

- Eg har høyrt om skulpturen, men aldri sett han. Men i dag var dagen. Heilt utruleg flott skulptur. Det er kyrkja i seg sjølv også, seier han.

Populær blant turistar

Sommaren 2016 er Toril Hjartåker Hauges femte sesong som guide i kyrkja. Ho fortel at madonnaskulpturen er spesiell for oss her i Noreg, men for turistar, som er vane med store katedralar og skulpturar, er meir opptekne av sjølve kyrkja.

- Lukta av tjære, gamal kyrkje og trebygningar generelt er spesielt for dei, seier ho og held fram:

- Det er ein del cruiseturistar innom. Det er amerikanarar, britar, nederlendarar og mange fleire nasjonar. Det kjem også mange frå ulike religionar, som sikar og muslimar. Det er kjekt å høyra at dei kjenner seg att i norske skikkar frå 1700-talet.

Eit aspekt som gjer kyrkja ekstra spanande, er alle helsingane som er rissa inn i blant anna dørene.

- Det gjer kyrkja personleg og livfull. Det er skrive mange helsingar i ulike samanhenger opp gjennom historia, over 150 heile namn eller initialar frå ulike tidsaldrar.