Bjarne Brun hadde god nytte av datakurset tysdag og vert gjerne med på fleire. Til høgre ekteparet Ole Haakon og Elsa Marie Lunde.
Bjarne Brun hadde god nytte av datakurset tysdag og vert gjerne med på fleire. Til høgre ekteparet Ole Haakon og Elsa Marie Lunde.

Ikkje uvanleg å vera litt grøn på data

Bjarne Brun vedgår å vera litt grøn på data. Då kompisen skulle kursa seniorar i biblioteket, heiv han seg like godt med som elev.

- Eg synest ikkje ein skal skjemmast over å vera litt grøn på data. Då er det betre å vedgå det, ta grep og læra seg litt opp, humrar 45-åringen frå Nore Neset.

Tysdag var han ein av seks elevar som stilte på Os Senior Høgre sitt andre kurs i enkel databehandling i Os folkebibliotek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den tidlegare Hansa-tilsette og no arbeidssøkjande tungtransportsjåføren følte verkeleg han lærte noko nyttig.

- Det å kunna behandla bilete, justera lys og farge er jo veldig kjekt. Dessutan kjem det godt med å læra korleis ein lagrar desse bileta, og overførar dei frå mobiltelefon og liknande, seier han.

Fleire med behov

Initiativtakar til kurset, Ernst Hoff, er ikkje overraska over at også yngre personar treng hjelp til å navigera seg fram på data, mobiltelefonar og andre tekniske hjelpemiddel.

Ernst Hoff opplever at mange har bruk for kursing i databehandling og korleis navigera seg rundt på internett.
Ernst Hoff opplever at mange har bruk for kursing i databehandling og korleis navigera seg rundt på internett.
Osingen Jan Erik Soltveit har 18 års erfaring frå jobb innan data og driv i dag sitt eige firma i Os.
Osingen Jan Erik Soltveit har 18 års erfaring frå jobb innan data og driv i dag sitt eige firma i Os.

- Den tekniske utviklinga går fort framover, og langt frå alle har jobbar som gjer at dei held seg oppdaterte. Om fleire enn Bjarne vil hiva seg med på kursa våre i tida framover, så er dei hjarteleg velkomne, seier Hoff.

Han starta tilbodet for litt under eitt år sidan.

- Det som utløyste det heile var at eg sleit med å manøvrera meg rundt på Os kommune sine heimesider. Tilfeldigvis fornya dei nettsidene omtrent på den tida og tilbydde oss i Os Senior Høgre eit kurs i korleis manøvrera oss rundt på nettsidene deira like etter, fortel Hoff.

På dette kurset kom det fram at mange av deltakarane også trong hjelp med andre ting på data.

- Etter å ha fått ein del førespurnader arrangerte me difor det første innføringskurset i enkel internettbruk og nettvett i fjor haust. No er me komne til kurs nummer to, som i hovudsak omhandlar filbehandling og biletbehandling, forklarar Hoff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokal kurshaldar

Kurshaldar Jan Erik Soltveit har drive sitt eige datafirma i Os i tre år. Han synest det er kjekt å kursa både eldre og litt yngre.

- At Bjarne hiv seg med her er veldig kjekt. Då slepp eg kanskje å hjelpa han like ofte, ler Soltveit.

- Ja, for hjelpa meg har han ofte gjort. Og han får det alltid til. Dette er verkeleg ein kar som kan sine saker på data, skryter Brun.

Tysdagens kurs gjekk over to timar. I løpet av denne tida fekk dei ein kjapp gjennomgang av korleis behandla bilete, organisera og lagra dei, leggja bilete til i e-post og Facebook, og korleis forminska eller forstørra bilete.

- Tanken er at deltakarane skal få utvida horisonten litt etter litt. Snart dreg me i gang kurs 3 også. Då vil dei læra om Skype-tenester og om såkalla nettskyer, fortel kurshaldar Soltveit.