Det er god stemning når leiar i Os Sentrumsforening, Geir Amundsen, er i høgda for å hengja opp julelenkjer. Kultursjef Lisbeth Axelsen prøver forgjeves å få kontakt med Amundsen, men han er oppteken med å prata med «Os og Fusaposten». (Alle

Kaffipause i høgda

Senterleiar Geir Amundsen gjer grovarbeidet med julegatene sjølv. Då smakar det godt med nytrekt kaffi servert frå kontorvindauga til Os & Fusaposten.

- Det er ein morosam jobb, og eg får mange hyggjelege kommentarar frå folk, ler ein blid senterleiar, Geir Amundsen.

Sjølv er han i sving nokre meter over bakken med å montera lysande julestjerner over asfalten. Heile 22 lenkjer skal på plass. Eit arbeid som vil ta om lag tre fulle arbeidsdagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nede på bakken står kultursjef Lisbeth Axelsen og kikar medan Amundsens kollega Kåre Lunde dirigerer trafikken.

Høgdeskrekk

- Kåre har høgdeskrekk, så han tek seg av grunnarbeidet. Men eg bryr meg ikkje, smiler Amundsen og manøvrerer krankorga inn mot vindauga for å ta imot ein rykande varm kaffikopp.

- Tidlegare har eg stått her i snøføyke og stiv kuling, så i år er vêret bra, seier han.

«Os og Fusaposten»-journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes serverer kaffi og intervjuer Amundsen gjennom vindauget.
«Os og Fusaposten»-journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes serverer kaffi og intervjuer Amundsen gjennom vindauget.
- Ingenting er så godt som rykande varm kaffi i høgda, ler sentrumsleiaren.
- Ingenting er så godt som rykande varm kaffi i høgda, ler sentrumsleiaren.
Kåre Lunde må berre smørja seg med tolmod når Geir Amundsen vert "opphengt" i praten med lokalavisas "uthengde".
Kåre Lunde må berre smørja seg med tolmod når Geir Amundsen vert "opphengt" i praten med lokalavisas "uthengde".

Det er tredje gong at senterleiaren heng opp julegatene i sentrum. Alt må vera klart til opninga på fredag. Då vert det fakkeltog, julenisse og tenning av grana på Torget. Nytt av året er at alleen på Kyrkjeflaten skal lysast opp.

- Men no må eg nesten få gjera meg ferdig med arbeidet. God jul, ropar han.