Det er duka for Anne Maries drøymepodcast når mennene med verdas mest sensuelle namn, Raphael Poiree (t.v.) og Rafael Villen, kjem på besøk.
Det er duka for Anne Maries drøymepodcast når mennene med verdas mest sensuelle namn, Raphael Poiree (t.v.) og Rafael Villen, kjem på besøk.

Kan Raphael og Rafael bli bestevener?

– Fotballspelarar er altfor dårleg trent, seier skiskytarlegenda Raphael Poiree (43) til den 18 år yngre fotballspelaren Rafael Villen.

p> 

Kvinneforeningen føreslår at dei to Rafaelane kan ta handbak for å avgjera kven som er best trent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, det kan eg ikkje. Eg må vera litt forsiktig fordi eg har nokre skruar i nakken, seier fransk-fusingen Raphael.

Skruane er ei stadig påminning om ATV-ulukka i 2010 der han var millimeter frå å bli lam.

– Au, seier Rafael Villen. Den fotballspelande spanjolen har aldri høyrt om skiskytaren Poiree før.

– Nei, det er ikkje så mange i Malaga som driv med skiskyting, ler han.

– Vi kan ikkje ta handbak, men eg utfordrar deg til duell i Stoltzekleiven, seier Raphael.

– Den er grei, repliserer Rafael.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no