Gisle Hesjedal (Ap) meiner Susanne Sperrevik (H) sender eit signal til veljarane i Os om at dersom dei held fram med å røysta på henne, så kan det henda at ho får endå fleire verv slik at gåvedrysset kan verta endå større seinare.
Gisle Hesjedal (Ap) meiner Susanne Sperrevik (H) sender eit signal til veljarane i Os om at dersom dei held fram med å røysta på henne, så kan det henda at ho får endå fleire verv slik at gåvedrysset kan verta endå større seinare.

Kan røyster kjøpast i Os?

Det er svært flott at Susanne Sperrevik (H) ynskjer å bidra til betre økonomi for frivillige lag og organisasjonar i Os. Måten ho gjer det på er derimot langt frå uproblematisk.

Tysdag denne veka la leiar i Os Høgre, Susanne Sperrevik, ut følgjande melding på Facebook-profilen sin: "I dag har jeg fått min første "politikerlønn" fra Os Kommune. Med kun ett verv så blir det ikke så mange kronene, men noen tusenlapper blir det nå utbetalt. Min plan er å gi disse pengene til en lokal organisasjon i Os som driver aktiviteter for barn og unge. Noen som har tips? Kun henvendelser i kommentarfeltet tas i betraktning, og der er det fint om det blir gitt en veldig kort begrunnelse. (Jeg ønsker primært ikke å støtte fotball eller andre religiøse aktiviteter)".

Det er svært flott at Sperrevik ynskjer å bidra til betre økonomi for frivillige lag og organisasjonar i Os. Måten ho gjer det på er derimot langt frå uproblematisk. Gåvedrysset er direkte kopla opp mot hennar godtgjersle som folkevald politikar i Os. Dermed sender ho eit signal til veljarane i Os om at dersom dei held fram med å røysta på henne, så kan det henda at ho får endå fleire verv slik at gåvedrysset kan verta endå større seinare. I ein kommentar til sitt eige Facebook-innlegg legg ho i alle fall ikkje skjul på at gåvedrysset vil halda fram: "Uansett så blir det jo flere sjanser,- er jo valgt inn i verv for 4 år og det ser ut til at det er "lønn" en gang i halvåret :-)".

Artikkelen held fram under annonsen.

Susanne Sperrevik opplyser at ho har fått ei politikargodtgjersle på om lag kr 5.000. Oppå dette legg ho ytterlegare 15.000 kroner, slik at ho i denne omgang gjev bort 20.000 kroner. Dersom ho held fram med dette, vil ho totalt ha gitt bort 160.000 kroner til frivillige lag og organisasjonar i Os før neste kommunestyreval. Eg undrar meg over kor mange partistemmer, personstemmer og slengjarar dette vil resultera i? Nokre vil kanskje hevde at gåvene frå Sperrevik ikkje vil kunna påverka veljarane i Os. Tja, sjå for deg at Trond Mohn stiller til val som sistekandidat på ei partiliste i Bergen. Trur du han ville fått nok personstemmer og slengjarar til at han hadde blitt vald inn i bystyret?

Transparency International definerer korrupsjon slik: "Korrupsjon er misbruk av makt i betrodde stillinger for personlig gevinst". Kan den personlege vinsten for Sperrevik vera attval, eller at Os Høgre gjer eit godt val i 2019?

Etter at det strøyma inn med gode forslag til gåvemottakarar på Facebook-veggen til høgreleiaren, valde ho til slutt ut fire organisasjonar som skal få 5.000 kroner kvar. Inntil nyleg har eg vore leiar i ein av desse organisasjonane, og har gjennom fleire år lagt ned hundrevis av gratis arbeidstimar på vegne av organisasjonen sine medlemer. Eg veit derfor veldig godt at 5.000 kroner er ei svært kjærkomen gåve for ein frivillig organisasjon. Ein kan derfor heller ikkje utelukka at medlemer eller sympatisørar til nokre av gåvemottakarane vil la seg freista til å røysta på nettopp Os Høgre og Susanne Sperrevik ved neste val, som ein direkte konsekvens av gåvedrysset hennar.

Kva motivasjon som ligg bak gåvene frå Sperrevik, ut over at ho til midtsiden.no uttala at ho hadde berre lyst, veit eg ikkje. Kanskje er einaste motivasjon å gjera ei god gjerning? Leiaren av Os Høgre er ei oppegåande og ressurssterk kvinne. Om einaste motivasjonen hennar er å gjera ei god gjerning, trur eg ho på eiga hand fint ville klart å koma på nokre gode tiltak å gje pengar til. Men det er tydeleg at ho ønskjer mest mogleg merksemd om gåvene. I innlegget skriv ho "Kun henvendelser i kommentarfeltet tas i betraktning". Så om du eller andre hadde sendt ho ei personleg melding med eit knakande godt forslag til ein verdig gåvemottakar, så ville forlaget ikkje eingong ha komme i betraktning. Då må det vera lov å undra seg over kva som er den eigentlege motivasjonen hennar.

Eg er ikkje jurist, og veit ikkje om Sperrevik i denne saka har gjort seg skuldig i brot på Straffelovas § 276 c om korrupsjon ved påvirkningshandel. Påvirkningshandel vil seia at ein gir eller tilbyr eit mellomledd ein utilbørleg fordel for å påverka utføringa av stilling, verv eller oppdrag. At ho beveger seg i ei etisk gråsone kan det derimot ikkje vera nokon tvil om.

Les Susanne Sperreviks svar:

Os kommune har ikkje eit gåveregister for folkevalde politikarar. Bergen kommune har derimot det. I deira retningsliner for folkevalde for å gje og ta i mot gåver heiter det: "Folkevalgte i Bergen kommune skal i hovedsak ikke gi gaver som estimeres til en verdi av kr. 2000,- eller mer. I enkelte tilfeller kan det gis gaver til en verdi utover dette. For gaver som estimeres til en verdi mellom kr. 2000 og 5000 tillegges fullmaktene ordfører og bystyredirektør for felles avgjørelse. For gaver utover kr. 5000 legges fullmaktene til Forretningsutvalget."

Eg veit heller ikkje om gåvedrysset er eit soloutspel frå høgreleiaren, eller om ho har diskutert dette med partifeller først. Det burde ho i så fall ha gjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

I april arrangerte Susanne Sperrevik og Os Høgre eit temamøte om korrupsjon, varsling og maktmisbruk. Høgrepolitikar og korrupsjonsforskar Birthe Eriksen held eit glimrande føredrag. Det er derimot tydeleg at Susanne Sperrevik og Os Høgre ikkje har forstått bodskapen frå temamøte dei sjølv var vertskap for.

Gisle Hesjedal

Nestleiar

Os Arbeidarparti