Jonas Riise Johansen har eit nært forhold til hundar, her saman med Viggo, som er ein av tre hundar i krefthundprosjektet på Fjellanger Hundesenter.
Jonas Riise Johansen har eit nært forhold til hundar, her saman med Viggo, som er ein av tre hundar i krefthundprosjektet på Fjellanger Hundesenter.

Kritisk til råd gitt på internett

Det går kaldt nedover ryggen på Jonas Riise Johansen når han les råd som hundeeigarar gjev til kvarandre på internett.

Johansen har lang fartstid med trening av dyr og hundar. Frå hundetenesta i militæret til Norsk Folkehjelps minehundsenter i Bosnia, og jobb på Akvariet i Bergen som assisterande hovudtrenar for pattedyra. No er han blant dei som styrer kreftprosjektet på Fjellanger Hundesenter, der han også har ansvar for kompetanseheving for instruktørane. I tillegg har han ansvar på undervisning, mellom anna for fagutdanninga som han og Rune Fjellanger leiar saman.

Alle er ekspertar

For Johansen er det underleg at om ein hundeeigar spør om råd på internett om ein sjuk hund, så svarar dei fleste at ein bør kontakta veterinær, medan det slett ikkje er tilfelle om nokon skildrar eit åtferdsproblem.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då er plutseleg alle ekspertar, og kjem med råd av veldig varierande kvalitet. Det er gjerne i lys av at det til no ikkje har vore noko offisiell utdanning eller eit offisielt fag som går på dette. Kven som helst kan halda hundekurs, og kven som helst kan skriva bok om hundar, basert på erfaringa med dei to hundane ein eig. Eg ser fram til at vi får eit eige fag. Det blir ei anna verd, trur eg.

Ofte les Johansen om folk som skildrar eit åtferdsproblem. Eit klassisk eksempel er at hunden forsvarar maten sin, og knurrar om eigaren kjem for nære matskåla.

– Då er det mange som seier at ein skal fjerna maten til hunden og at hunden skal akseptera det fordi du er sjefen. Ein kan sjølv førestilla seg korleis ein hadde reagert om kelneren tok bort maten din når du var på restaurant, og halde den i ti minutt, og gjorde det gjentekne gonger. Ville det ikkje ført til irritasjon og sinne? Om dei får eta i fred, har dei ikkje noko grunn til å forsvara maten.

- Alle hundar, små som store, har behov for aktivitet og å bruka hovudet, seier Riise Johansen.
- Alle hundar, små som store, har behov for aktivitet og å bruka hovudet, seier Riise Johansen.

Då er det betre å gje noko ekstra til hunden. Johansen dreg igjen samanlikninga med det å vera på restaurant.

– Om kelneren kjem med ein ekstra indrefilet-bit, eller fyller på vin i glaset, så blir ein nøgd. Det er det same med hundar og matskåla.

Vent med å gripa inn

Konsekvensen av å gå inn med fysisk makt og ta frå hunden maten, kan vera stor.

– Ressursforsvaret vil berre auka. Om born er involverte, er risikoen stor, og det kan få alvorlege følgjer. Om det er sjeldan at nokon forstyrrar, får ikkje hunden ein grunn til å forsvara maten sin. Faren er at ressursforsvaret kan forplanta seg til at hunden føler at han må forsvara sofaen, senga og kanskje til og med ein av eigarane. Då kan han gjerne sitja på fanget til ein av eigarane, og ikkje villa lata den andre parten setja seg på sofaen. Slike ting er det lett at folk slengjer ut feile råd om, og ein ny hundeeigar er kanskje ikkje så kritisk.

Om det er to hundar, til dømes ein kvalp og ein vaksen hund i hus som har kvar si matskål, så er dette noko dei ofte løysar opp i sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein vaksen hund et, og ein kvalp kjem bort, knurrar gjerne den vaksne hunden og kvalpen går vekk. Den vaksne kvalpen vil gjerne prøva seg om kvalpen står og et, men han går ikkje bort og skubbar bort kvalpen. Skulle kvalpen derimot gå bort, vil den vaksne hunden ta maten. Det er ei gentlemans lov blant hundane.

Men, så er det ikkje alltid at den vaksne hunden er ein gentleman.

– Då er det potensiale til ein konflikt, og ein bør gjerne gje dei mat kvar for seg, seier Johnsen og legg til.

Stammar frå gamal forsking

Eit spørsmål som dei med jamne mellomrom får på Fjellanger, er kva ein skal gjera med ein kvalp som bit. Det er også eit av dei få tilfella dei gjev råd over telefon, fordi rådet om gje ein time out sjeldan kan føra til noko negativt.

– Mange trur at det er eit signal frå hunden om at han skal visa at han er sjef i huset. Det er feil. Alle kvalpar bit. Om ein føler at det blir for mykje, kan ein berre ta band på hunden og setja han i skammekroken. Han får ein time out, og skjønnar etter kvart at det kan han ikkje gjera. Time out funkar på mange uønskte åtferder, seier Johansen.

Det Johansen også reagerer på, er at så mange har eit konfliktperspektiv. Det han meiner med det, er at hundeeigarar tolkar signal frå hunden som at han prøver å bli sjef i huset.

– Ikkje berre sjef i huset. Det kan sjå ut på mange som at hunden deira har ambisjonar om å ta over verda ein dag, seier han og legg til:

– At hunden forsøkjer å klatra på rangstigen, kjem frå gamalt av. Det stammar frå gamal forsking på ulvar utan relasjonar til kvarandre, i fangenskap med avgrensa område og ressursar. Der er det klart at det blir ein kamp om ressursane og dermed eit hierarki. Men ulv i det fri fungerer fint som ei familiegruppe utan desse konfliktane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Misbrukt omgrep

Eit anna omgrep som blir hyppig brukt i hundeverda, er dominanse.

– Det er eit av dei mest misbrukte omgrepa noko sinne. Alt skal liksom forklarast med dominans. Det tyder eigentleg eit forhold mellom individ som blir etablert for å få prioritert tilgang på ein ressurs det er lite av. Har du to hundar og ei matskål, så vil dei mest sannsynleg slåst. Ein av dei vinn og får maten. Men dei same to hundane kan slåst om ein og same ball. Då kan den andre vinna, fordi ballen er ein viktigare ressurs for han. Dei byter på vera dominant og underdanig. Det er også mange som oppfattar det at hunden går ut døra først, som at han skal vera dominant og sjef. Kan det henda at hunden berre er glad for at han skal ut?

Tenkjer fleire tankar samstundes

Ein av dei som brukar omgrepet dominant mest, er den verdskjende og omstridde hundekviskraren Cesar Millan. Han brukar knep som mellom anna å simulera bit på hundane, og har også tidlegare fått kritikk for bruk av straum i halsbandet.

– Kva synest du om metodane han brukar?

– Han har gjort eit bra konsept. Han har eit TV-program som spelar på ein teori som er lett forståeleg, så aksepterer alle at det skjer noko magisk. Han spelar på dominans og hierarki som vi har snakka om. Folk kjøper det. Eg meiner at han held tilbake utviklinga i forhold til koreis vi ser på huindane i sosiale og læringssamenhenger. Eg er einig med han i at hunden skal ha aktivitet, stimulans og må få utløp for energi. Mykje kan førebyggjast ved å gje hunden nok stimulering. Då slepp han finna ut at det er kult å dra potteplanta rundt i stua. Men dominansteorien fører til uheldige tiltak, seier Johansen og held fram:

– Ein kvar hund med respekt for seg sjølv gjer minst fleire ting på ein gong. Ser hunden ein person på andre sida av eit gjerde, kan han gjerne logra, hoppa og bjeffa langs gjerdet. Om du synest bjeffinga er irriterande, og kastar ei bøtte med vatn på han for å få han til å slutta, er det ikkje sikkert at han koplar det til bjeffinga. Han kan slutta å logra og bli glad for å sjå nokon. Eller han kan slutta å hoppa. Han veit ikkje kva han blir straffa for, og endar opp med å bli redd for ting.

Johansen meiner å sjå ein gjengangar i hundekviskrarens program, nemleg at hundane er blitt så redde at dei ikkje vågar gjera noko.

– Dei har gitt opp. Dei ser ut som perfekte hundar der dei ligg som ei sofapute, eller livredd i ein krok. Det synest eg ikkje er supert. Stakkars hundar, og kven ønskjer ein slik hund?

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje bruk fysisk makt

Det er mange råd ute og går, ikkje berre på internett. Underteikna har sjølv fått mange råd som strider i mot det Johansen seier, på eit kvalpekurs med ein hundeoppdrettar.

– Det er problemet til mange hundeeigarar. Det er mange som uttalar seg, og seier heilt ulike ting. Det eg kan seia er at det ofte er lurt å følgja magekjensla. Kjenner ein at det er ubehageleg å kjefta på kvalpen, så er det gjerne noko i det. Ikkje basera trening og hundehald på fysisk makt. Det kan vera naudsynt i sjeldne situasjonar, som til dømes om hunden gjer noko som kan skada han, men ikkje i kvardagssituasjonar. Får du råd frå eit konfliktperspektiv, så bør varsellampane lysa. Ikkje ta alt for god fisk.

Tillit og respekt

Og det er ikkje berre store hundar som treng aktivisering og stimulans. Johansen har sjølv tre hundar. To jakt cocker spanielar og ein mops som heiter Ludvig.

– Mops har pusteproblem og er ofte overvektige, men dei har framleis eit hovud som fungerer. Alle hundar fortener og treng å få brukt hovudet litt, seier Johansen.

Ludvig er maskoten for handteringstreninga som Johansen har. Etter å ha trena på det, kan Johansen no utan problem klippa klørne hans, gje han augedropar, noko han må ha tre gonger i døgnet, og reinska mellom flapsane i ansiktet.

– For å klara det er det berre til å læra hunden ei enkel øving som ikkje har noko med ubehag å gjera. Om han sit framfor deg, kan du gje han løn for at du får ta på skuldra. Held fram med det heilt til du ser at han viser initiativ, og du ser ei forventing. Då kan du jobba deg stegvis mot det som hunden oppfattar som eit ubehag, til dømes kloklipp.

Ludvig og Johansen skal no i gang med den minst flatterande treninga, å ta temperaturen.

– Vi får sjå korleis han reagerer på det. Det er ein typisk ting som ein må gjera, og då er det greitt å ha ein hund som står i ro, og at ein ikkje må ha eit heilt team for å få det unnagjort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heilt til sist, vil Johansen leggja til at det er ein viktig føresetnad som må liggja til grunn for å kunna handtera hunden.

– Gjensidig respekt og tillit. Hunden din må stola på deg, seier han.