Den mest naturlege staden for det første politiske møtet i Os var i (dagens) Fusa.  Den gamle tingstova (midt i biletet), seinare eit kremmarhus, er i dag på Hordamuseet.
Den mest naturlege staden for det første politiske møtet i Os var i (dagens) Fusa. Den gamle tingstova (midt i biletet), seinare eit kremmarhus, er i dag på Hordamuseet.

Os og Fusa bør slå seg saman att

KOMMUNESAMANSLÅING: Det er på tide å reversera vanvitet frå 1855. Det kunstige skiljet mellom Fusa og Os bør opphevast, skriv «Os og Fusapostens» journalist i denne kommentaren.

SETT FRÅ SIDA: Det kunstige skiljet mellom Fusa og Os bør no opphevast. I mesteparten av vår historie har dei to bygdene Os og Fusa vore i lag like naturleg som to brør. Me er sameinte av naturen, historia og kulturen. Rett nok har Fusa og Os vore administrativt skilde i 160 år, men det er då berre ein parantes målt opp mot mange hundre år med felles kyrkjeleg, politisk og administrativ leiing. Dei fem sokna i Os prestegjeld var Hålandsdalen, Strandvik, Fusa, Samnanger - og Os. Då Ous herred vart oppretta i 1837, var det ingen som fann det unaturleg at det første lokalpolitiske møtet fann stad i (dagens) Fusa. Det måtte sjøvsagt haldast i Holsund, omtrent midtfjords i Fusa-fjorden, der osingar og fusingar i lang tid hadde halde ting i tingstova.

No ønskjer regjeringa med rette å reversera vanvitet frå 1855. Land og strand rundt leitar no kunnige folk etter dei gamle grensene. Her lokalt veit me kor grensene gjekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt me har til felles

Og kvifor ikkje? Finst det nokon gode grunnar til å halda dei to nabokommunane fråskilde?

Frå før har dei felles lokalavis, felles landbrukskontor, om ei stund truleg felles kulturskule, felles feiar-teneste, helse­samarbeid (kols- og diabetes-team), felles renovasjon gjennom BIR, med meir. Osingar pendlar til Fusa for å gå på jobb hjå Framo, og fusingar pendlar til Os for å handla.

Ferjo vår

Som om ikkje det var nok, har ferjeselskapet som siglar mellom dei to kommunane eit namn med ein klang av båe kommunane - Fosen. Rett nok høyrer ein stundom at ferja bør skiftast ut med bru, og at ferja ikkje er til å lita på - men lat oss innsjå det: Dagens reisetid mellom Osøyro og Eikelandsosen har aldri vore så kort. 35 minutt reisetid (med optimal ferjetiming) er kortare enn reisetida mellom Osøyro og Bergen sentrum. Og sjølvsagt er det berre ein brøkdel av tida det tok å reisa mellom dei to den gongen kommunane var sameinte, og fjorden var reisevegen.

Os har folk, Fusa har plass

Nullveksten i folketalet i Fusa, har ført til at kommunen har grubla ein god del på korleis dei skal tiltrekkja seg fleire. Ved å slå seg saman med Os, har ein ei umiddelbar løysing. Folketalet i storkommunen ville vorte 22.500 over natta. For Os sin del er det trongt frå før, og trongare skal det bli, sjølv med dei mest moderate prognosane for folkevekst. For å få plass til alle har kommunen teke til å eta av sine eigne grøne lunger. På arealfronten er Fusa storebror - over dobbelt så stor som veslebror i vest. Fusa har land, Os har folk - dei er eit draumepar.

Slutt på maset

Og me skal innrømma det først som sist - me som jobbar i «Os og Fusaposten» har kraftig eigeninteresse i samanslåinga. Sjølve namnet vårt er ein profeti på samanslåinga. Me har sidan 80-talet meint at dei to kommunane høyrer saman nyhendemessig, og har naturleg nok tilsette på båe sider av kommunegrensa. Og sist, men ikkje minst: Endeleg ville me blitt kvitt klagemåla som fusingar og osingar er rørande einige om: Det står så mykje om nabokommunen i avisa, og alt for lite om vår eigen kommune....