Ravi-ola-la-la i Oseana

Nokon har publikumstekke og andre har lag med ungdomen. Ravi har begge delar.

Med sin faste kvartett var Ravi tidleg på plass i Oseana onsdag. Alt klokka ti spelte han for elevane på Nore Neset skule, knappe to timar etter var Ravi og hip-hop-kollektivet hans klar for ny innsats. Denne gongen for elevane på Os ungdomsskule.

Ravi-konsertane på føremiddagen er resultat av eit samarbeid mellom Rikskonsertene og Oseanas eige Friskus-prosjekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No skal eg ha med meg tre kjekke elevar frå Os ungdomsskule på scenen. Dei er kjempeflinke til å dansa og verkeleg heilproffe, skryter Ravi.

Han syntest det var kjekt å gjera eit par føremiddagsjobbar før kveldens konsert.

- Eg har faktisk ikkje spelt så mange skulekonsertar tidlegare, men dette var artig. Eg håpar dei liker det desse Os-elevane også, sa Ravi før han entra scenen.

Om dei gjorde.