Padlestopp på Gjønavatnet.
Padlestopp på Gjønavatnet.

Ruskevêr stoppa ikkje Fusa-elevar på leirskule

Vêret vart verkeleg ei utfordring då alle sjuandeklassingane i Fusa nyleg var på leirskule i Hålandsdalen. Likevel blei dei minnerike dagar fylt med mykje ny lærdom og spennande opplevingar.

Kvar haust får alle sjuandeklassingane i Fusa gleda av eit opphald på den lokale leirskulen.

Leirskuleveka markerer slutten på det lokalhistoriske undervisningsopplegget "Fusanisto" for elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fusanisto er Fusa kommune sin plan for kulturformidling i skule og barnehage, og leirskuleopphaldet er direkte tilpassa dette opplegget, fortel lærar ved skulen Anne-Grethe Gjerdevik.

Ho forklarer at leirskuleopphaldet for Fusa-elevane har ei klar bestilling på innhald:

- Elevane skal møta sagnet om Kikedalsbonden og besøka Kikedalen, som er eit av Hordalands viktigaste kulturlandskap.

Mykje vind og regn

Kikedalsbesøket vart gjort over to dagar, tysdag og onsdag, med halve gruppa kvar dag.

- Vidare skal elevane padla Sævareidsvassdraget frå Skogseidvatnet, gjennom Drageidkanalen til Henangervatnet, forklarer Gjerdevik.

Også denne turen vart gjort over to dagar, tysdag og onsdag.

Den gamle ferdselsvegen frå Øvre Hålandsdal til Strandebarm står også på programmet for elevane i leirskuleveka.

- Tradisjonen tru viste veka seg heller våt, sjølv om me dei siste åra også har hatt gleda av sol og opphaldsvêr, så kom me dessverre ikkje i mål med denne turen, seier Gjerdevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Store elvar, mykje vind og kraftig nedbør heile veka gjorde leirskuleopphaldet interessant frå start til slutt.

Gjekk for plan B

- Veka byrja bra, og måndag gjekk som planlagt med informasjonsøkt, samarbeidsaktivitetar, lunsj og bygdedagstema, fortel leirskulelæraren.

Tysdagen blei våt, og vindmessig haldt det seg rolig fram mot ettermiddagen. Så kom vinden.

- Når vinden fyrst kom, kjende me den godt!

Onsdag vart nok ein våt dag, men leirskuledeltakarane merka ikkje vinden på same måte, då vindretninga var mykje gunstigare for vatna dei padla på den dagen.

- Torsdag gjekk me over til plan B, med bygdedagstema, inne-lunsj og gradorientering rundt leirskuleområdet, fortel Gjerdevik.

Topp humør

Leirskulelæraren synest elevar og vaksne viste godt samarbeid gjennom heile veka, og ikkje minst tålte dei vêret godt.

- Sjølv om kleda vart våte var humøret på topp.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av veka vart nye vennskap knytt samtidig som elevane fekk ny kunnskap om heime-kommunen.

- Eg trur rett og slett det vart ei "midt i blinken"-veke for elevane, avsluttar Gjerdevik.