– Mange minnerike stundar. Slik oppsummerer Irna Kahrimanovic (t. v.) og Hanne Flaserud årets russetid. Om få timar retter jentene fokuset mot eksamen.
– Mange minnerike stundar. Slik oppsummerer Irna Kahrimanovic (t. v.) og Hanne Flaserud årets russetid. Om få timar retter jentene fokuset mot eksamen.

Siste sprell frå årets russekull

Veldig gøy, men òg litt slitsamt. Slik er det å vera raud- og blåkledd i mai. I kveld var Os-russen samla i Mobergsvikjo for (kanskje?) siste gong.

Datoen syner 16. mai. Om få timar er russetida offisielt over, og avgangselevane på Os gymnas og Os vidaregåande skule må venda tilbake til kvaradagen.

– Litt deilig, vedgår russepresident Jenny Lundervik Sælen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å ta på seg det vervet eg har gjort, har vore litt meir stress enn eg hadde sett føre meg. Som russepresident skal du ha kontroll på alt til ei kvar tid, legg ho til.

Som til dømes talen Sælen skal halda på Kyrkjeflaten på Osøyro i morgon.

– Eg skreiv han ferdig natt til i dag. Eg fekk ikkje sova, seier ho og smilar.

Talen er klar. No satsar russepresident Jenny Lundervik Sælen (i midten) på ein kjekk natt i lag med resten av avgangselevane i os. Axel Johannes Moe Haugland og Nikita Sudmann Viken gler seg også til feiringa.
Talen er klar. No satsar russepresident Jenny Lundervik Sælen (i midten) på ein kjekk natt i lag med resten av avgangselevane i os. Axel Johannes Moe Haugland og Nikita Sudmann Viken gler seg også til feiringa.
Maren Bauge Vika, Andrea Søfteland og Ina Sundfjord Markhus.
Maren Bauge Vika, Andrea Søfteland og Ina Sundfjord Markhus.
I 19-tida onsdag strøyma det på med raud- og blåkledde i Mobergsvikja. Os-russen er klar for ei siste natt i lag.
I 19-tida onsdag strøyma det på med raud- og blåkledde i Mobergsvikja. Os-russen er klar for ei siste natt i lag.

Men før den tid skal det feirast. Og det er om å gjera å halda det gåande lengst mogleg. Helst heile natta.

– Etter å ha grilla tek vi kanskje ein tur i Sigursvikja eller på Kuventræ for å spela fotball. Nokre har tenkt seg til byen på bergensfestivalen. Vi får sjå. Kvelden er enno ung, seier Sælen.

Godt samhald

Sjølv om det kan vera slitsamt å vera russ, sit 2018-versjonen igjen med mange gode minne. Høgdepunktet for dei aller fleste var landstreffet i Kongeparken første helga i mai.

– Det har vore veldig kjekt. Eg kunne fint hatt tre veker til med russetid, seier Nikita Sudmann Viken.

Ho går på Nordahl Grieg vidaregåande skule, men er på bil med folk frå Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Samhaldet her er veldig bra. Sjølv om eg kjem frå ein annan skule, vert eg inkludert, seier ho.

Sælen, Viken og Axel Johannes Moe Haugland synes det er stas at så mange russ har samla seg i Mobergsvikjo kvelden før nasjonaldagen. Det har ikkje vore så lett å få til det tidlegare.

Trioen synest det er rart å tenkja på at om fire veker så er åra på vidaregåande over.

– Det er trist. Overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande er mykje enklare. No vert folk spreidd over heile verda. Kanskje ser vi dei ikkje igjen, seier Sælen.

– Endeleg andre klede

Nokre russeknutar har det blitt dei siste vekene. Nakenbading og mykje isspising i overflod til dømes.

– Eg spiste to liter Tricolor-is i løpet av ein skuletime, fortel Haugland.

Det endte som det måtte gjera. Isen kom opp igjen.

– Eg har ikkje mista appetitten på is av den grunn, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hanne Flaskerud og Irma Kahrimanovic synest russetida har vore ei fin avslutning på tre år på Os gymnas.

– Mange minnerike stundar, seier dei.

Samstundes gler dei seg litt til det er over.

– Det skal bli deilig å få på seg nokre andre klede.

– Kva med eksamen? Er de klare for det?

– Ja, det trur eg vi er, slår dei to jentene fast.

Kanskje vert det ein liten tur ut i morgon også.

– Nokre øl på Peppes kanskje, seier Flaskerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem litt an på formen, men eg har litt lyst til å gå ut i morgon også. Det er jo 17. mai. Det må vera lov det, seier russepresidenten.

camilla.kvamme@osogfusa.no