Til dagleg kjenner eg på korleis det er å jobba på ein arbeidsplass med knappe ressursar og synest det er flott at nokon gir beskjed om at no er strikken strekt langt nok, skriv Linda Ann Lohne i dette lesarbrevet.
Til dagleg kjenner eg på korleis det er å jobba på ein arbeidsplass med knappe ressursar og synest det er flott at nokon gir beskjed om at no er strikken strekt langt nok, skriv Linda Ann Lohne i dette lesarbrevet.

Skuledebatten i Fusa - tilsvar til Svein Lang

Dersom du som politikar vil ha skule i kvar bygd må du seia noko om kvar du skal henta pengane frå slik at ein kan driva ein god skule slik forskninga seier, skriv hovudtillitsvald i Delta, Linda Ann Lohne, i dette lesarbrevet.

LESARBREV: Eg les i «Os og Fusaposten» at ordførarkandidat Svein Lang (Sp) saknar at fagforeiningane uttalar seg om intervjuet med Maria Lister Midtrød og hennar synspunkt i skuledebatten.

Eg er hovudtillitsvald i Delta i Fusa kommune og jobbar i skulen. Til dagleg kjenner eg på korleis det er å jobba på ein arbeidsplass med knappe ressursar og synest det er flott at nokon gir beskjed om at no er strikken strekt langt nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men at eg som fagforeiningsleiar må gå ut og kommentera dette i avisa synest eg er unødvendig då det er laga eit høyringsdokument når det gjeld skulestrukturen i Fusa med høyringsfrist for fagforeiningane 28. september.

Berre snakk om pengar?

Det er her eg som hovudtillitsvald vil koma med medlemmene sine innspill til korleis vi ønskjer skulestrukturen skal vera i Fusa. Eg må ha mine prosessar i foreininga før eg går ut med utspill i ei slik stor sak.

I Fusa kommune har de politikarar styrt budsjetta slik at det no blir økonomien som skal styra strukturendringen i skulen. Då håpar eg de politikarar strekkjer dykk langt på leiting etter kunnskap, slik at de langt på veg kan seia "vi veit", og ikkje berre "trur eller synest" i forhold til kvar de bør setja inn tiltak.

Veit de noko om skulens storleik, plassering og påverknaden dette har på elevanes faglege og sosiale læring. Korleis påverkar den eine faktoren den andre? Eller er det berre snakk om å få budsjettet i balanse?

No blir også debatten pensla inn på kva som er best: "Stor eller liten skule". Då vil eg koma med nokre kommentarar til dette.

Kva er ein god skule?

Ein god skule er den skulen som gir den beste faglege og sosiale læringa. Det har vore gjort internasjonal forskning (Hatti J. 2009:) som viser at økonomi, skulestorleik og skulebygningar betyr svært lite for elevanes læringsutbytte. Organisering av aldersblanding, redusert klassestorleik og individualisert undervisning har tilnærma ingen effekt. Altså satsing på læringsmiljøet må til for å utvikla ein god skule.

Når det gjeld elevanes læringsutbytte, er det faktorar knytt til læraren og undervisningen som har størst betydning. Det er viktig at læraren kan byggja relasjonar til elevene, gi tilbakemelding til elevene om arbeidsinnsats, læringsmål og åtferd og lærarens evne til å leia klassar. Ein annan viktig faktor er at foreldra har tydelege og realistiske forventningar til sine born og støttar sine borns læring og skulegang (Hattie, J. 2009). Også norske forskarar viser til disse faktorane.

Må ha andre argument

Forskninga er altså klar på at skulestorleik, bygningane, klassedeling og gruppeinndeling har lite å seia for læringsresultatea. Dei faktorane som er viktig i forhold til elevanes læring kan og må ein jobba med uansett kor stor eller liten skulen er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom politikarane skal kjempa for å ha skulane slik som no i Fusa, må dei ha andre argument enn å halda liv i bygdene. Besteforeldre, tanter og onklar som omsorgspersonar er ikkje tilstades slik dei var på 60- og 70-talet. Dersom du som politikar vil ha skule i kvar bygd, må du seia noko om kvar du skal henta pengane frå slik at ein kan driva ein god skule slik forskninga seier.

Kvar vil de?

Kva refleksjonar har de politikarar gjort dykk når de snakkar om skulepolitikk. Veit de korleis ein god skule er? Har de nok kunnskap/informasjon om korleis ein god skule skal drivast? Har leiinga på skulen det handlingsrommet som skal til for å driva ein god skule?

For meg som tillitsvald er det ikkje helt lett å forstå kvar de vil. Den eine augneblinken vil de halda på skulane, i neste augneblink vil de gjera noko med skulestrukturen samtidig som de seier ja til at det kan opprettast privatskular. Blir nesten litt Ole Brum; ja takk begge delar.

De bestilte ein rapport som sa noko om korleis ein kunne gjera det. Bruk han og ver tydeleg.

Dersom politikarane skal kjempa for å ha skulane slik som no i Fusa, må dei ha andre argument enn å halda liv i bygdene.

Kva refleksjonar har de politikarar gjort dykk når de snakkar om skulepolitikk. Veit de korleis ein god skule er? Har de nok kunnskap/informasjon om korleis ein god skule skal drivast?

Linda Ann Lohne

HTV Delta

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusa kommune