I barndomen syntest Even det var stas å fortelja kompisane at bestefar var bankranar.
I barndomen syntest Even det var stas å fortelja kompisane at bestefar var bankranar.

Stolt av bestefarens bankran

- Det var ganske stilig å fortelja kompisane at bestefar hadde rana ein bank, seier Even Sivertsen (29) frå Os, barnebarn av krigshelten Sverre Sivertsen.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er klart eg er stolt av han. Då eg var liten, var det jo mest kult og sånt. Men i vaksen alder har eg forstått djupnene av det bestefar heldt på med under andre verdskrig, seier Even Sivertsen.

29-åringen frå Os har teke plass bakerst i salen på Fiskerimuseet i Bergen. Saman med pappa Trond Sivertsen og tante Kari Kvale, er han på plass for å heidra bestefar Sverre Sivertsen, ein av hovudkjeldene for Ole-Jacob Abraham og Trond Olsens nye bok om motstandsrørsla Saborg.

Bortimot 200 menneske, mange av dei veteranar med famile, har møtt fram til lanseringa.

Even, (f.v.), Trond og Sverre.
Even, (f.v.), Trond og Sverre.

- Tenk at eg får stå her og snakka for alle dykk, seier Sverre Sivertsen beskjedent.

I tillegg til å vera kjelde og ha skrive eitt av fororda, dukkar han mellom anna opp i kapittela om bankrana på Vaksdal og Minde. Dette var nemleg ein av måtane motstandsrørsla skaffa seg midlar på.

Sjokkert

I forordet til boka fortel Sverre at mange av historiene har vore ukjende for han fram til no.

- Eg har fått lesa eit prøveeksemplar av boka og har for fyrste gong fått vita kva for ein organisasjon eg faktisk var med i, og ikkje minst kva som hende med dei som var så uheldige å verta tekne av Gestapo. Eg er sjokkert over alle grusomheitene vi aldri har fått vita noko om...Det er godt at det kjem fram at nokon måtte bøta med livet - også på Vestlandet - for at vi skulle vinna fridomen attende, skriv han.

Nyleg kunne du lesa om Sverre som var med då etterkomarar etter kanadiske pilotar som låg i skjul i Botnahytta i Samnanger under krigen, vende attende til den nyrestaurerte skjulestaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre pappa

For Trond Sivertsen er det spesielt å sjå faren verta heidra og få si krigshistorie nedfelt for fyrste gong.

- Eg har ikkje tenkt på han som ein helt i oppveksten. Han er jo fyrst og fremst far min. Men han har alltid vore open om det han heldt med på og hatt mange gode historier. Då vi for nokre år sidan gjekk tur i Matrefjella, viste han meg kor han hamna i skotvekslingar med tyske soldatar. Det er klart det er litt spesielt å høyra, seier Trond som saman med kona Rigmor har budd i Os i meir enn 30 år.