Målet nådde turgruppa på to og ein halv time frå dei gjekk "heimefrå", og ein forent pause med matpakke og flott utsikt venta på toppen.
Målet nådde turgruppa på to og ein halv time frå dei gjekk "heimefrå", og ein forent pause med matpakke og flott utsikt venta på toppen.

Tøffe ungar gjekk til topps

Trudde du at tre- til fem-åringar ikkje kan gå topptur? Ungane frå Espira Kuventræ barnehage sin Snusmumrikken-avdeling både vil og kan.

Tysdag denne veka gjekk ungane frå avdeling Snusmumrikken i Espira Kuventræ barnehage på det som starta som ein heilt vanleg turdag, men utvikla seg til ein skikkeleg ekspedisjon.

Snusmumrikken er ei utegruppe som bruker mykje tid ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Naturen er vårt utgangspunkt for mange spennande aktivitetar, leik og læring, skriv barnehagen på heimesida si.

Målet er å gje borna gode opplevingar i naturen. Derfor har dei tre turdagar i veka, og startar dagen med frukost ute.

Berre foreldra hadde vore der

Tysdag byrja dei gå i retning Hesteløypa, med mål om ein koseleg tur.

- På veg inn i Tøsdalen snakka nokre born om dei fjella som ligg i enden av dalen, og kva dei heiter, skriv dei vaksne på Snusmumriken på barnehagen si Facebook-side.

Ungane snakka om Borgafjellet på høgre sida, Tøsdalsfjellet med Linken ut på tuppen på venstre og Møsnuken lengre bak der.

- Vi spurte om nokon av borna hadde vore på nokre av dei fjella.

Det viste seg at det hadde dei ikkje, medan fleire føresette hadde.

- Og de fekk ikkje vera med, spurte dei vaksne.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, dei var ikkje store eller flinke nok, meinte ungane.

- Klart vi kan!

- Trur dykk at de hadde klart å gå opp dit, spurte ein vaksen peikande på Linken.

- Ja! Klart vi kan det, svarte ungane ivrig.

- Har de lyst å forsøka? For vi har jo forsøkt før, utan å nå toppen.

Ungane var ikkje i tvil:

- Ja, det vil vi!

- Greit, så prøver vi på det, berre hugs at det ikkje er nokon skam å snu dersom vi ikkje når toppen. Vegen er bratt og lang, men vi trur at de er flinke nok til dette, svarte dei vaksne.

Som ekstra motivasjon blei ungane lova ein is på vegen heim, dersom alle kom seg opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ivrig tok gjengen fatt på vegen over marka bort til skogen.

Der byrja den bratte stien som ikkje skulle flata ut før dei var langt oppe. Men borna hadde bestemt seg, dei skulle opp. Og fort gikk dei òg.

Gjekk for fullt, utan bensin

Etter kvart blei det meir og meir utfordrande å setja eine beinet framfor det andre, men viljen til denne gjengen var sterk, sjølv om kroppen ikkje var helt einig og byrja slita.

2,5 timar etter dei gjekk frå barnehagen var faktisk sistemann på toppen, noko som imponerte dei vaksne.

Både store og små var glade for å ha nådd målet, der ein flott utsikt venta. Dessutan fekk dei seg ein velfortent pause med mat og drikke.

Dei vaksne hadde ikkje tatt med noko ekstra "bensin" eller anna motivasjon, siden planen eigentleg berre var å kosa seg langt der nede i dalen.

Iskald premie

Vegen tilbake var dessverre ikkje lettare enn opp, sjølv om dei valgte vegen lengre mot Tøsdalsfjellet nedover.

Byrjinga var bratt, men det blei betre etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For mange var nok det verste at sjølv om vi hadde kome oss ned igjen, var vi enno ikkje tilbake til barnehagen, seier dei vaksne som var med på turen.

Men dei hadde klart å ordna ei overrasking, for dei fekk den lova isen køyrd ut til seg på parkeringa på Tøsdal.

Der naut dei den velfortente premien.

- Vegen heim til barnehagen var lang, men også der var humøret på topp, og det var mykje god prat og latter under heile turen, fortel dei vaksne.

Styrar i barnehagen, Karianne Moberg, er imponert over gjengen sin topptur.

- Det er jo blitt veldig populært å gå til Linken no, så mange av ungane har foreldre som går den turen, utan at dei har fått gå den sjølve, seier ho.

På telefon med Os & Fusaposten avslører ho eit lite "triks", som kan vera forklaringa på kvifor det er slik.

- Vi opplever ofte at det er lettare å få motivert ungane til å gå lange turar med barnehagen, enn det er heime med foreldra, påpeiker Moberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uansett, ho synest ungane fortener skryt for den imponerande innsatsen deira.

- Det var jo dei som ville det. Dei blei aldri pressa. Under heile turen vart det lagt vekt på at dei ikkje var noko skam og snu.

Men ungane hadde bestemt seg, tysdag var dagen dei skulle til topps.