Slik såg det ut då Mol og Sørum vann semifinalen tidlegare på søndagen.
Slik såg det ut då Mol og Sørum vann semifinalen tidlegare på søndagen.

Tok sitt tiande gull i verdsserien i Wien

Anders Mol og Christian Sørum nærmar seg europeisk rekord etter kveldens siger.

Suksessen vil ingen ende ta for sandvolleyballkongen frå Strandvik. Søndag kveld knuste Mol og Sørum den brasilianske duoen Alison/Alvaro Filho med settsiger 21-11 og 21-17.

I eit intervju med arrangøren etter kampen, takka Anders for støtta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein liten draum som har gått i oppfylling. Det har enno ikkje riktig gått opp for oss kva som har skjedd det siste året. Vi må få takka Wien for all støtta. Vi har dessutan familiane våre til stades på tribuna, skriv bt.no.

Pappajubel

Og den som kanskje jubla høgast etterpå, var pappa og trenar Kåre Mol. Han høyrest i alle fall godt i dennevideoen frå BeachVolley Vikings.

Sigeren i Wien er den andre av to femstjernersturneringar denne sesongen, og den tiande ti verdsserien totalt for duoen. Ved førre siger vart dei mestvinnande norske lag. Med to sigrar til, vil dei gå forbi latviske Aleksandrs Samoilovs og Janis Smedins og bli best i Europa.