Lysekloster-kaptein Baste Jonassen tippar på Martin Eidsvik som årets komet i år.
Lysekloster-kaptein Baste Jonassen tippar på Martin Eidsvik som årets komet i år.

Topp motiverte for nytt nivå

Lysekloster A-lag er i full gang med oppkøyringa til ny sesong. Motivasjonen er større enn nokon gong.

Sist veke fekk «Os og Fusaposten» vera med A-laget på Lysekloster på deira første utetrening for sesongen. Etter å ha måtta klara seg på små speleflater i Vestlandshallen var det ein spelekåt og humørfylt gjeng som sprang ut på den nymåka banen i Lysekloster Framo Idrettspark.

Bra stor botkonto

Dei kjem i god tid før treninga på Lysekloster. Botsjef Ola Sjømæling held orden dersom ikkje spelarane innordnar seg etter reglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det fungerer greitt, men det er mange som ryk til på ulike bøter. Botkontoen er for 2016 er alt stor den, skjemtar kantspelaren.

Alt frå forseint-koming, til å nytta slippers i dusjen vert straffa med bot.

- Det er jo litt for moro skuld og dette, men det er klart. Ryk ein skikkeleg til, kan det kosta så mykje som 500 kroner, seier botsjefen.

Fysisk godt førebudde

Under den første uteøkta var det spel-sekvensar som var i høgsetet.

- Mykje av det fysiske er me i rute med. Dei skal vera godt trena, det har eg målingar på, men me har ein bra jobb å gjera når det gjeld å spela saman laget. Framover vert det meir og meir trening med fokus på organisering, seier trenar Thomas Sandal.

Han har sjølv spelt på nær sagt alle nivå i Noreg. Difor fann me det naturleg å spørja han: Har Lysekloster 2. divisjonsnivået inne?

- Eg har sjølvsagt ein viss aning om kvar nivået skal liggja, men 2. divisjon er blitt betre sidan eg spelte der sist. I dag er alle spelarane topp trena. For 20 år sidan var det meir variabelt frå spelar til spelar kor godt trena ein var. Men eg har sjølvsagt sett meg godt inn i kva eg må forventa av spelarane for at me skal gjera det bra på dette nivået, og eg trur me skal koma der før sesongstart, sa Sandal mellom anna til oss under treninga.