Fusa-bonde Erik Halvorsen vert å sjå i NRK-dokumenter i slutten av månaden. (Arkiv
Fusa-bonde Erik Halvorsen vert å sjå i NRK-dokumenter i slutten av månaden. (Arkiv

TV-aktuell Fusa-bonde med ein bodskap

Me tok ein prat med den TV-aktuelle Fusa-bonden Erik Halvorsen og filmskaparen Ida Kleppe som let familien eta berre norsk mat ein heil månad.

Dokumentarfilmen «Utan mat og drikke» blir å sjå på NRK2 30. januar. Den handlar om Ida Kleppe og hennar familie busett på Laksevåg, og utfordringane dei må overvinna når dei skal eta berre norsk mat ein heil månad.

Men kvifor?

Os og Fusaposten spurde filmskaparen korleis ho kom på ein slik idé.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er sjølv frå ein gard, og har lenge interessert meg for norsk mat og matproduksjon. Men å laga ein film om det er ikkje så enkelt. Eg trur TV-kanalane blir litt redde når dei får høyra om ein film om norsk landbrukspolitikk - det er liksom ikkje så veldig spanande. Så eg tenkte: OK, kva om me prøver å finna på noko lurt? Då kom me på ideen om å gjera dette eksperimentet, seier Ida Kleppe.

All ferdigmat ut vindauget

Filmskaparen fortel at eksperimentet viste seg å bli vanskelegare enn ho først hadde trudd. Ei rekkje produkt som dei fleste er vane med å ha på kjøkenet, var med eitt utelukka.

- Grandiosa og pølser på bensinstasjonen var det slutt på, og det same gjaldt vanleg kjøpebrød. Det inneheld gjær som ikkje er laga i Noreg. Me måtte difor spora opp eit bakeri som lagar surdeigsbrød (då treng du ikkje industrigjær).

Ida Kleppe og familien hennar fekk fleire AHA-opplevingar i løpet av ein månad med berre norsk mat.
Ida Kleppe og familien hennar fekk fleire AHA-opplevingar i løpet av ein månad med berre norsk mat.
Erik Halvorsen under eit intervju med Ida Kleppe.
Erik Halvorsen under eit intervju med Ida Kleppe.
Halvorsen er sjølvforsynt med grønsaker, og leverer i tillegg varene til fine restaurantar i bergensregionen.
Halvorsen er sjølvforsynt med grønsaker, og leverer i tillegg varene til fine restaurantar i bergensregionen.

Sjølv ikkje det offisielle Nyt Norge-merket, som i teorien skal garantera forbrukarane norsk mat, viste seg å vera til å lita på.

- Det viser seg at Nyt Norge berre krev at 75 prosent av ingrediensane skal vera norske. I Yoghurt frå Tine med dette merket, er til dømes dei tilsette jordbæra ikkje norske. Så på oss blei det yoghurt naturell heile månaden, forklarer Kleppe.

AHA-opplevingar i kø

Familien Kleppe gjorde fleire oppdagingar på godt og vondt i løpet av månaden.

- Når me måtte laga alt frå grunnen av, tok ting uendeleg mykje lenger tid. Dei som seier noko anna, fer berre med tull, seier Kleppe.

I livet til ein hektisk småbarnsfamilie er tid ei luksusvare det er lite av frå før. Men belønninga kom i form av at alt smakte så mykje betre.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me hadde til dømes lammesteik på ein vanleg tysdag. Det er så mykje god, norsk mat, fortel ho.

Til å begynna med sakna ungane ketsjup og sukker, som heller ikkje blir produsert i Noreg, men etter kvart tok dei til å lika dei nye smakane.

- Etter at eksperimentet var ferdig, har me faktisk halde på fleire av dei nye vanane. Heimelaga pasta er fantatisk godt, og ikkje så vanskeleg å laga som eg trudde før. Og suppene blir utruleg mykje betre når du har kokt di eiga kraft, fortel trebornsmora.

Lokalavisa spør om matbudsjettet gjekk opp den månaden dei berre kjøpte norskprodusert mat.

- Det har me prøvt å finna ut. Ein del ting sparte me på, medan andre ting var dyrare. Norsk eplejuice er t.d. dyrare enn utanlandsk. På den andre sida trekte alle basisprodukta me kjøpte, som blomkål, brokkoli og potet, snittet ned. Alt i alt vart utgiftene omtrent dei same som ein vanleg månad, konkluderer Kleppe.

Møtet med Fusa-bonden

I TV-dokumentaren reiser Kleppe også mykje rundt og snakkar med folk om norsk matproduksjon. Ein 3-stjernes-restaurant, landbruksministeren og fleire bønder er blant dei som fekk besøk av Ida. Ein viktig deltakar i sistnemnde gruppe, er Fusa-bonden Erik Halvorsen. Han dreiv den populære restauranten «Spisestedet på Høyden» i Bergen, før han fann ut at råvarene han ville ha, var vanskelege å oppdriva. Han måtte dyrka dei sjølv, og flytta difor til Fusa for å dyrka økologiske grønsaker.

- Korleis var møtet med Halvorsen?

- Det var veldig kjekt. Han er dyktig og har ein veldig fin matfilosofi som ligg til grunn for produksjonen. Det er eit beundringsverdig prosjekt, og han har også eit godt rykte på seg som leverandør av gode grønsaker til topp-restaurantar i regionen, seier Kleppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein prat med bonden sjølv

Erik Halvorsen driv gard i Øvre Hålandsdalen i lag med sambuaren Cat Powell. Han fortel at han vart kontakta av TV-produsenten via felles kjende. Sjølv har han levt på (nesten) utelukkande norsk mat mykje lenger enn kva Kleppe har gjort.

- Eg kjøper ikkje poteter frå Kypros eller sukkererter frå Zimbabwe. Men eg er heller ikkje dogmatisk, og kjøper pepper og salt, sjølv om dei ikkje er produsert her til lands. TV-dokumentaren til Ida Kleppe er jo ei spissformulering, men eg synest at ho får fram mange gode poeng, seier Halvorsen.

I tillegg til at han produserer alt han treng til eige forbruk av grønsaker, er han også sjølvforsynt med kjøt og fisk. Heime på garden lagar han spekesild og mjølkesyregjæra grønsaker, prosessar som gjer at maten held seg i mange månader utan behov for anna enn ein kald kjellar.

- Ein av fordelane med å bu i eit gamalt hus som det eg har her på Orra i Hålandsdalen, er at det er laga med ein stor kjellar der eg kan oppbevara mat, fortel Halvorsen. Sin eigen cider og øl lagrar han også der.

I front av utviklinga

Han driv det folk flest vil kalla økologiske landbruk. Sjølv føretrekk Halvorsen å kalla det debio-godkjent jordbruk.

- For å få debio-godkjenning blir det stilt høgare krav til å driva berekraftig enn kva som er tilfellet i konvensjonelt landbruk, seier Halvorsen.

Han brukar t.d. null sprøytemiddel på grønsakene og brukar naturgjødsel i staden for kunstgjødsel.

- Denne måten å driva på er litt meir tidkrevjande, men me får også litt meir støtte. Gardar av denne typen er spydspissar i utviklinga av landbruket. Mange av teknikkane og produksjonsformene har stor overføringsverdi til resten av landbruket, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mellom anna gjeld dette utslepp av klimagassar, forureining grunna avrenning og tap av næringsstoff, dyrevelferd, bondevelferd, og ikkje minst å byggja opp eit fruktbart jordsmonn.

- Det skal vera mogleg å dyrka det same på garden om 1000 år, seier Halvorsen.

Vonar å kunna starta Os-levering i år

- Korleis går det med økonomien, då?

- Det går framover. Målet er å kunna skapa fleire arbeidsplassar på bruket. Men per i dag er det berre eitt årsverk, seier han.

Han leverer grønsaker og kjøt til restaurantar i bergensområdet, til uavhengige butikkar og til Matkollektivet.

- Kan folk i Fusa eller Os kjøpa av deg også?

- Eg har ein plan om å begynna og levera til folk i regionen i løpet av 2017. Elles har eg nokre naboar i Fusa som handlar hjå meg i sesongen også, seier han.

- Du trivst godt i Hålandsdalen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trivst veldig godt. Eg har eit godt liv, og dette er ein god stad å vera, avrundar Halvorsen.

FAKTA

* I Norge importerer me over halvparten av maten me et - målt i talet på kaloriar.

* I Norsk matproduksjon vert det nytta lite antibiotika i forhold til andre land: I Tyskland nyttar dei til dømes 50 gongar så mykje antibiotika i husdyrhaldet som i Norge.

* Sidan 1959 har me lagt ned 7 gardar kvar einaste dag i Norge. Frå å ha 200 000 bruk i drift er vi no nede i ca. 45.000 bruk

* Kvar bonde her i landet produserer i dag i snitt dobbelt så mykje mjølk, kjøt, korn og grønsaker per årsverk som ved inngangen til 1990-tallet.

* Erik Halvorsen driv debio-godkjent (økologisk) landbruk i Hålandsdalen

* Halvorsen dukkar opp i TV-dokumentaren «Uten mat og drikke» på NRK2 30. januar