Til alt hell gjekk det bra fredag kveld.
Til alt hell gjekk det bra fredag kveld.

Ung syklist krasja med bil på Søfteland

Ein syklist på 5-6 år støytte saman med ein bil fredag kveld.

Det var i ein sving at den unge syklisten skal ha skjena ut slik at ein bil køyrde i han.  Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 19 fredag kveld. 

Til alt hell vart verken syklisten eller bilførar, ein ung mann, skadde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Guten vart sendt til legevakt for undersøking, men viste seg å vera uskadd, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Det er rutinemessig oppretta sak etter hendinga, men det er ikkje gjort noko førarkortbeslag i saka.

– Var guten åleine ute og sykla?

– Ja, det var han, men han hadde hjelm på.