Anten du likar å samanlikna deg sjølv med Kim K., Trinny og Susannah, eller dei to trendikona i Kvinneforeningen, er hund på armen obligatorisk i vårens motebilete.
Anten du likar å samanlikna deg sjølv med Kim K., Trinny og Susannah, eller dei to trendikona i Kvinneforeningen, er hund på armen obligatorisk i vårens motebilete.

Vårens trendar i trendy innpakning

Var du usikker på korleis du skal kle deg når slapsen smeltar, temperaturen stig og vårsola tittar fram frå dvalen? Etter kveldens moteshow bør du vera ganske sikker i di sak.

Fredag kveld inviterte butikkane i Os sentrum, i samarbeid med dei alltid velkledde damene i Kvinneforeningen, til moteshow og boblefest i Oseana kunst- og kultursenter.

Forutan siste nytt på sko-, veske-, klede- og brillefronten frå catwalken, sørgde Kvinneforeningen aka Stine Kobbeltvedt og Anne Marie Aarøen Vangsnes, for å koma med tips og triks til korleis ein kan fiffa opp garderoben når våren kjem trippande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den aller viktigaste «accessorien» denne våren er, om ein skal ta damene på ordet, ein søt liten hund.

Sjølv var dei dressa opp av Kobbeltvedts eigen stylist.

– Mamma. Og sølvreven er oldemor sin, sa ho og rista på det einauga dyret så pelsen fauk i alle retningar.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy hadde bytta ut ordførarkjedet med eit perlekjede.
Ordførar Marie Lunde Bruarøy hadde bytta ut ordførarkjedet med eit perlekjede.
Kultursjef Lisbeth Axelsen på catwalken.
Kultursjef Lisbeth Axelsen på catwalken.
Nokre var meir trygge på scena enn andre.
Nokre var meir trygge på scena enn andre.
Litt bøy og tøy må til.
Litt bøy og tøy må til.
Lise and the queenbees stod for kveldens einaste musikalske innslag. Sjølvsagt utan kassegitar, slik seg hør og bør på moteshow.
Lise and the queenbees stod for kveldens einaste musikalske innslag. Sjølvsagt utan kassegitar, slik seg hør og bør på moteshow.
Gult er framleis kult.
Gult er framleis kult.
Kvinneforeningen fekk hjelp frå Steinar «Prikken» Bøe og Tove Tvedt Skarstein til å bedømma klesstilen til nokre utvalte osingar og fusingar.
Kvinneforeningen fekk hjelp frå Steinar «Prikken» Bøe og Tove Tvedt Skarstein til å bedømma klesstilen til nokre utvalte osingar og fusingar.
Steinar «PRikken» Bøe måtte også læra damene korleis dei skulle te seg på scena.
Steinar «PRikken» Bøe måtte også læra damene korleis dei skulle te seg på scena.
Erik Walden, eller Øya-Erik som mange kjenner han som no, fekk også svinga seg på catwalken.
Erik Walden, eller Øya-Erik som mange kjenner han som no, fekk også svinga seg på catwalken.
Moteshowet vart til dei frammøttes store glede avslutta med utlodding.
Moteshowet vart til dei frammøttes store glede avslutta med utlodding.
Liten tvil om at kvinnene i Kvinneforeningen trivst godt i rampelyset...
Liten tvil om at kvinnene i Kvinneforeningen trivst godt i rampelyset...

– Og kva er det eg har på meg? Bever? Eg visste ikkje at eg kledde bever ein gong, supplerte Vangsnes.

Terningkast 6

Det uhøgtidelege tospannet fekk besøk på scena av Os sitt svar på Jan Thomas, eller som ein av dei påpeika: Kanskje Jan Thomas er Oslo sitt svar på Prikken.

Saman med Tove Tvedt Skarstein fekk den røynde kremmaren i oppgåve å vurdera stilen til fleire kjente osingar og fusingar.

– Her ser vi to gladjenter, sa Steinar Bøe, då biletet av ordførar Marie Lunde Bruarøy og varaordførar Laila Marie Reiertsen dukk opp på skjermen.

– Vi ser at dei har fått seg på seg den norske kvardagsbunaden. Nemleg boblejakke og jeans, sa Bøe, men turte ikkje anna enn å trilla sek spå terningen når alt kom til alt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også sentrumssjef William Lindborg dukka opp i ein litt yngre utgåve, og litt lengre hår.

– Sjå det herlege smilet og det flotte fallet han har nederst i tuppane, påpeika Skarstein og Bøe.

Sentrumssjefen måtte rett nok nøya seg med fem prikkar på terningen.

Ein slags basar

Konferansierane lova både fest og basar, og då Lise and the queenbees hadde framført ei låt med skikkelg trøkk i, og alle modellane hadde vore på scena både to og tre gongar, var det duka for det som kanskje var høgdepunktet for mange dei frammøtte. Utlodding av flotte premiar frå butikkane som deltok på kveldens moteshow.

Kvelden vart avslutta med boblar i foajeen og musikk av DJ Osablod.

camilla.kvamme@osogfusa.no