Statens vegvesen)
Statens vegvesen)

Venstre om E39: Indre trasé bør på bordet att

Os Venstre meiner mykje talar for at indre trasé må vurderast på nytt.

LESARBREV: På årsmøtet sist fredag vedtok Os Venstre å spela inn ein uttalelse til Hordaland Venstre sitt årsmøte 6. og 7. februar som, om den får fleirtal, endrar vedtaket gjort på fylkesårsmøtet i 2013 om å støtta midtre trasé.

I uttalelsen vert det vist til dei mange nye faktorane som dei siste par åra har kome opp. Mellom anna ny E16 med parallell og dobbelspora jernbane mellom Arna og Voss og anbefalt traséval for aust-vest-samband (E134). Dette gjer den såkalla «Hordalands-diagonalen» svært aktuell, og dermed indre trasé som eit naturleg og fornuftig alternativ for tilknyting av E39 til denne vegløysinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg har det etter kvart vakse fram stor usikkerheit rundt kostnader og alternativ for framføring av midtre trasé. Tek ein også inn miljøutfordringane både med ei gigantbru over Bjørnafjorden og forureiningsproblema i Bergensdalen, meiner Os Venstre at indre trasé igjen må vurderast.

Å køyra fram eit prosjekt som det er stor usikkerheit rundt, og som er svært kostbart, kan lett føra til at prosjektet vert stoppa i Stortinget og nord-sør-sambandet langs kysten vert forseinka med 10-år.

Løysinga er ein ytre ringveg rundt Bergen som legg til rette for næringsutvikling, bustader og lokale senter der det er god plass. Ei løysning som ikkje planmessig aukar trafikken inn mot område der det alt er store miljø- og arealutfordringar.

Årsmøtet valde Sveinung Stensletten til leiar for eitt år (attvald). Med seg i styret får han Glenn Erik Haugland, Astrid Dale, Thorstein Skårnes og Mari Lund Eide (alle attvalde). Varamedlemer til styret vert Jon Sivert Rykkel, Eiren Maria Larsson Aga (attvalde) og Inger Marie Fimreite (ny).

Os Venstre