Kristina Skibenes, Inge Ådland, Isa Mathea Holmefjord, Adrian Bojarski og kontaktlærar Johanna Bjelland.
Kristina Skibenes, Inge Ådland, Isa Mathea Holmefjord, Adrian Bojarski og kontaktlærar Johanna Bjelland.

- Verdas beste klasse

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

På Nore Fusa oppvekstsenter skin førsteklassingane om kapp med sola i det flotte vårvêret.

- Skal vi syngja ein song for deg, spør Kristina Skibenes (7), før ho får Isa Mathea Holmefjord (6), Adrian Bojarski (6) og Inge Ådland (6) til å stemma i på «Alle fugler små de er». Når firkløveret er ferdig med den songen, hoppar dei rett over på «Jeg gikk en tur på stien». Og når den songen er ferdig sunge, spør dei om å få lesa for «Os og Fusaposten» sin utsendte.

- Nett no held vi på med bokstavane P og Æ, seier kontaktlærar Johanna Bjelland, før elevane byrjar å lesa reglene som tek utgangspunkt i dei ulike bok-stavane:

- No blir pappa veldig fin, pappa liknar ein pingvin, les Kristina.

- Æ, bæ, så nære på, eg kan fly, du må gå, kjem det frå Inge.

Bjelland kallar gjengen verdas beste klasse. Ikkje utan grunn.

- Vi er flinke til å følgja reglene. Men av og til gløymer vi oss, seier Kristina.

Ifølgje reglene er det viktig å rekkja opp handa når ein vil seia noko. I tillegg må elevane mellom anna lytta til kvarandre, snakka ein om gongen og seia fine, ikkje stygge, ting til kvarandre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førsteklassingane deler klasserom med 12 andreklassingar. Bjelland deler på læraroppgåvene i lag med Elin Johnsen. På spørsmål om kva fag dei ferske skuleborna er mest glade i, trekkjer førsteklassingane fram gym, kunst og handtverk, matte og tilsyn. Tilsyn er på ein måte eit alternativ til SFO, sidan det ikkje finst SFO-tilbod ved skulen.

- Om onsdagane må elevane venta ein time på bussen. Då har dei tilsyn eller frileik, forklarer Bjelland.

I tillegg har elevane noko som heiter "seven minutes" på dei dagane der det korkje er gymtimar eller uteskule. Då får elevane eit lite pusterom i kvardagen som dei kan bruka til å herja litt i gymsalen eller på uteområdet.

- Kva er det beste med å gå på skulen?

- Vi kan læra ting, seier Inge.

- Å leika i lag i friminutta, meiner Adrian.