Bakerst frå.v. står assistent Helene Eide, Maria, Edvin, Vetle, Elisabeth, Emil, Kamilla, Sophia, Amalie, Jim Aron og læraren Hilde Vedholm. Framme f.v. står Anna, Joar, Sverre med klassebamsen "Teddy", Aurora, Brage, Mathias, Olivier og Jakob. Somo og Kacper var ikkje til stades.
Bakerst frå.v. står assistent Helene Eide, Maria, Edvin, Vetle, Elisabeth, Emil, Kamilla, Sophia, Amalie, Jim Aron og læraren Hilde Vedholm. Framme f.v. står Anna, Joar, Sverre med klassebamsen "Teddy", Aurora, Brage, Mathias, Olivier og Jakob. Somo og Kacper var ikkje til stades.

Vi har ingen tid å miste...

Dei 17 førsteklassingane ved Søre Øyane skule syng «Vi sangen» akkompagnert av musikk frå YouTube når lokalavisa kjem på besøk. Dei øver til konserten dei skal ha i Oseana i mars.

Den fine venskaps- eller solidaritetssongen skal elevane ved Søre Øyane barneskule framføra på scenen i Oseana saman med Hegglandsdalen og Strøno barneskular.

Dei fleste skulane har elevar som kjem frå andre land, så det er ein aktuell og fin song å kunna. Den første strofa er slik: "Det finnes mange barn i andre land, som har ingenting, men som gjør så godt de kan. Og de drømmer om en verden der ingen våpen slipper til, at de har nok mat og leker hvor de vil. Vi har ingen tid å miste. Det må gjøres noe nå... osv"

Artikkelen held fram under annonsen.

Første trinnet tel 19 elevar dette året, men to elevar, Somo frå Thailand og Kacper frå Polen, kjem frå mottaksklassen på Søfteland og var ikkje i klassen nett denne dagen.

100-dagarsfest

Dagen før lokalavisa var innom skulen, hadde førsteklassingane hatt ein liten 100-dagarsfest.

- Det er fordi me har gått på skulen i 100 dagar, fortel Elisabeth.

- Og så har dei nyleg hatt ein bokstavfest, seier læraren deira, Hilde Vedholm.

- Ja, for me har lært oss alle bokstavane i alfabetet, kan Vetle fortelja.

- Har de lært nokre engelske ord dei første 100 dagane?

- Ja, me har lært litt om småkryp. Sånne dyr som læraren vår ikkje likar så godt, kjem det frå klassen. Etterfulgt av mykje fnising.

- Me har lært Caterpillar. Det betyr larve, får me høyra.