Føre var: Kristin Haukeland (f.v.), Johnny Christensen, Ingrid Klakegg, Hedda Sævareid, Atle Birkeland, Aleksandra Kameniecka og Hans Marius Hauge minner alle i Bjørnafjorden om å skifta batteri i røykvarslaren.

Dei står klare til å hjelpa, men ber oss passa godt på i brannmånaden desember

1. desember er verdas røykvarslardag.

Bjørnafjorden brann og redning, politiet, heimetenesta, legevakta og Frivilligsentralen stiller opp i koronavenleg formasjon for å minna folk på begge sider av fjorden på eit par viktige ting.

— Vintersesongen og jule- og nyttårstida er tida på året med flest brannar. Vi er opptekne av å førebyggja skader og uhell, og då er det fint at alle vi går saman og minner folk om å passar godt på, seier branninspektør Aleksandra Kameniecka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan legevakt og politi gjerne ikkje kjem inn i biletet før skaden alt er skjedd, er heimetenesta og Frivilligsentralen viktig i det førebyggjande arbeidet.

— Våre tilsette har auge og øyre med seg når dei er ute i felten hos eldre og menneske med funksjonshemming, seier avdelingsleiar for heimebasert omsorg i Bjørnafjorden kommune, Kristin Haukeland.

Problem med tørrkoking

Ho strekar under at det alltid er huseigars ansvar å ha fungerande røykvarslarar, men at dei er obs på at nokon kan trenga hjelp. Då varslar ho gjerne vidare til Johnny Christiansen i Os Frivilligsentral. I praksis har han fått ein slags vaktmeisterfunksjon.

— Jaudå, eg er stadig rundt omkring og skiftar batteri og lyspærer og skrur opp røykvarslarar om det trengst, smiler han.

Christensen og Haukeland er likevel samde om at det kanskje vanlegaste problemet blant deira brukarar er tørrkoking.

— Det er fort gjort å gløyma at du har sett på ei panne med graut, seier Haukeland.

Då seier det seg sjølv at det er viktig å ha batteri i røykvarslaren.

Utover i desember vil heimetenesta dela ut pakkar med røykvarslarar og sjokolade donert av Bjørnafjorden brann og redning.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi gir dei vidare der vi ser det trengst, seier ho.

Skaff deg nabovakt!

— Vi er her for å støtta brannvesenets initiativ. Men det er klart, når vi kjem inn i biletet, så er det jo for seint, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Han nyttar likevel høvet til å gje folk eit godt tips før jul.

— Alliér deg med naboen og få han til å sjå etter huset ditt dersom du er bortreist i jula. Dette er viktig med tanke på brann, men også tjuveri. Det må vera låg terskel for å ringja politiet om du vert bekymra, seier han.