Søfteland vann 3-1 over Kvernbit, og kan smykka seg med krinsmeistertittelen blant laga i 6. divisjon.
Søfteland vann 3-1 over Kvernbit, og kan smykka seg med krinsmeistertittelen blant laga i 6. divisjon.

3-1-siger og krinsmeistrar

- Det gjekk på stubbane laus. Vi har ikkje trent sidan serieslutt, seier trenar Raymond Pedersen. Likevel drog Søfteland sigeren i land i finalen i krinsmeisterskapen i kveld.

Søfteland leidde 2-0 til pause i krinsmeisterfinalen mot Kvernbit på Kuventræ i kveld. Ramo Racic sytte for begge skåringane i første omgang.

Etter pause greidde Simon Aasen å lura seg forbi forsvarsspelarane til Kvernbit, og skyta ballen i mål. Deretter vart det "stilt" ei stund, før bortelaget fekk inn ein skikkeleg susar ni minutt før slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste del av kampen var prega av fleire stygge taklingar og høgt tempo. Men trass påstandar frå tribunen (i alle fall delar av han) om at "no går Os i oppløysing" og "det er enno tid", så greidde søftelendingane å halda unna for presset.

Søfteland fekk ei skåring heilt på tampen, men vart avblåst for offside. Dermed enda finalen med 3-1 siger til Søfteland, og laget, som nyleg rykte opp til 5. divisjon, kan dermed smykka seg med krinsmeistertittelen i tillegg.

- Opprykket var hovudmålet vårt i år, men dette er ein fin bonus. Gutane er veldig glade, seier trenar Raymond Pedersen.

Trenar Raymond Pedersen var godt nøgd med innsatsen til spelarane. - Det er dei som har vunne, ikkje meg, seier han og smiler.
Trenar Raymond Pedersen var godt nøgd med innsatsen til spelarane. - Det er dei som har vunne, ikkje meg, seier han og smiler.

Han meiner sigeren i kveld hovudsakleg skuldast stor innsats og vilje.

- Vi har ikkje trent sidan serieslutt, seier han.