Borna på Fabelaktig Fredag vil få nyttig informasjon frå A-lags-trenar Hassan El Fakiri. Han skal fortelja kva som krevst for å kunna nå langt som fotball-spelar.
Borna på Fabelaktig Fredag vil få nyttig informasjon frå A-lags-trenar Hassan El Fakiri. Han skal fortelja kva som krevst for å kunna nå langt som fotball-spelar.

Arrangerer ein-dags-fotballskule

- Naturleg nok blir det stor fotballaktivitet, men også nokre innslag frå Mesternes mester og Farmen, seier Endre Brenne.

Spelarutviklar og marknadsansvarleg i Os Fotball, Brenne, fortel at han har blitt inspirert etter å ha sett dei to fjernsynsprogramma.

- Eg kjem til å laga til nokre leiker og konkurransar henta frå Mesternes mester, og ein Farmen-light variant, med tvekamp og slikt. Det er viktig å variera litt, slik at det ikkje berre blir dei vanlege øvingane, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Magisk Måndag og Fabelaktig Fredag

Fabelaktig Fredag går av stabelen fredag 5. februar. Då er det planleggingsdag for skulane.

- Me laga noko tilsvarande før jul, som me kalla Magisk Måndag. Det var veldig populært. Så me prøver igjen, seier Brenne.

- Har de rett og slett markert alle skuleplanleggingsdagane i kalenderen?

- He-he, ja, eg har faktisk det. Som sagt, har liknande prosjekt vore vellukka, og det er gjerne ikkje alle som har høve til å få barnepass, eller å vera heime med borna. Difor er det fint å leggja slike dagar til planleggingsdagane. Uansett er det kjekt å kunna tilby borna ein fotballdag, smiler Brenne.

Foredrag frå Hassan

Agendaen er å skapa aktivitet, men samstundes gjev det også litt mynt i kassen.

- Det er ikkje eit stort plussprosjekt, men for all del, det er ei nyttig inntektskjelde.

A-lags-trenar Hassan El Fakiri har takka ja til å delta. Han skal fortelja ungane kva som skal til for å bli ein god fotballspelar.

- Hassan skal bidra med si erfaring og kunnskap. Han er ein stor ressurs, og me prøver å bruka han så mykje me berre kan. Han er flink til å seia ja når eg spør. Han kjem til å fortelja litt om kor stor innsats han sjølv har lagt ned for å bli så god. Tanken er at det vil motivera, og få ungane til å sjå kva som faktisk må til for å nå langt, seier Brenne.