Tidleg skåring: Christian Dahl sette inn ein tidleg skåring for vertane. Men mot slutten av første omgang tok Fana over kampen.

– Av ein eller annan grunn endrar kampbiletet seg drastisk

– Det var ein veldig ustabil kamp. Det er eigentleg det som kjenneteiknar oss no for tida, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik etter 1-2-tapet mot Fana.

Laurdag ettermiddag møtte Lysekloser Fana på Lysekloster Family Arena. Vertane fekk ei tidleg skåring. Berre eitt minutt inn i kampen sette Christian Dahl ballen i mål.

Trass ein god start, tok Fana over føringa i kampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi startar med å spela god fotball, men av ein eller annen grunn endrar kampbiletet seg drastisk dei siste 20-25 minutta av første omgang, seier Hetlevik.

Hetlevik karakteriserer kampen som ustabil. Noko som ifølgje trenaren kjenneteiknar laget hans for tida.

– I andre omgang tek vi tak i kampen igjen og jagar skåring, men så kjem ein ny periode der vi ikkje får det til å stemma. Det svingar veldig, seier Hetlevik.

38 minutt inn i kampen utlikna Fana etter ei skåring av Simen Brekkhus. Kort tid etter, bles dommaren straffe i favør gjestane, noko vertane ikkje var spesielt nøgde med.

– Kan du reglane? Det er lov å gjera om på det, ropte fleire av spelarane etter dommaren.

Men Brekkhus sette straffen i mål også. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1-2, eit resultat som heldt seg heilt til kampslutt.

– Vi var budde på ein tøff og jamn kamp. Fana er eit sterkt lag i tredje divisjon, og vi er for ustabile. Vi slit med å få resultat, slår Hetlevik fast.

– Vi er nøydde til å få ut potensialet

Laurdag er det duka for eit nytt lokaloppgjer, denne gongen mot Sandviken på Stemmemyren kunstgress.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Før kampen vert det viktig for oss å få snakka godt ut om den siste perioden vi har vore inne i. Vi må rett og slett klara å snu den negative utviklinga, seier Hetlevik.

Trenaren meiner årsaka til at det har blitt slik, er komplisert.

– Vi slepp inn for mange mål. Det må vi prøva å endra på. I tillegg er vi nøydde til å tola litt motgang. Den mentale biten vert viktig. Vi må stå saman, seier han og legg til:

– Alle periodane vi er gode, er kjenneteikna av at vi er modige og vågar å spela god fotball. Eg er ikkje uroa for ferdigheitene. Vi har mykje på plass allereie, men vi er nøydde til å få ut potensialet, slår Hetlevik fast.