Sverre Lunde Pedersen kunne gle seg over at marginane endeleg var på hans side i helga. (Arkivfoto)
Sverre Lunde Pedersen kunne gle seg over at marginane endeleg var på hans side i helga. (Arkivfoto)

Avslutta sesongen med medalje

Sverre Lunde Pedersen kasta ikkje vekk sesongens siste sjanse, og avslutta verdscupen med pallplass.

Laurdagen i Sørmarka Arena i Stavanger vart ikkje heilt som håpa for skøyteesset frå Os. Sjølv om Lunde Pedersen gjekk inn til ein sterk 5. plass på 5.000-meteren, vart han diskvalifisert for regelbrot. Feilen var at han kryssa linja som skil indre og ytre bane på langsida med heile skøyta. Han sparte ikkje noko tid på dette feilskjeret, og landslagstrenar Sondre Skarli uttalte til Stavanger Aftenblad at det var ein kjedeleg ting å bli diskvalifisert for.

Pedersen motivert av medaljen

Søndagen kom det ein ny sjanse, då i form av 1.500 meter som Lunde Pedersen gjekk i lag med amerikanaren Joey Mantia. Nederlendaren Patrick Roest hadde gått på 1.46.28, og det var tida Pedersen måtte slå dersom han skulle vinna. Det mangla berre tre tidelar på at han skulle greia det. Men deretter gjekk ein annan nederlendar, Kjeld Nuis, inn på tida 1.45 blank og vann dermed gullet. Pedersen var likevel nøgd med sesongens første medalje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg er svært glad og letta over å vera tilbake på pallen. Det betyr mykje. Det er ofte avslutningane ein hugsar best. Det gjev masse motivasjon framføre neste sesong, sa Lunde Pedersen til NRK etter tredjeplassen.