Det samanslåtte laget Øyglimt/Nore Neset jenter 2016/2017 fekk ein knallstart i Kiwi Bama Cup på Nore Neset idrettsplass laurdag.

Debuterte med siger i sin første kamp som nytt, samanslått lag

Begge lag mangla spelarar. Då vart ei samanslåing beste løysinga.

Publisert Sist oppdatert

Øyglimt IL og Nore Neset har alltid vore gode på å ivareta jentefotballen. I vår tok dei to klubbane grep for å sikra vidare spel for to talentfulle årgangar. I Nore Nesets eigen Kiwi Bama Cup i helga var det tid for debuten til Øyglimt/Nore Neset jenter 2016-2017.

– Me spelte vår første kamp i lag i dag, og me vann, jublar jentene på den solfylte kunstgrasmatta på 'Myro' på Nore Neset.

Den historiske førstekampen enda med 5-2-siger over Sotra.

– Me har berre trena i lag fem gonger, men me går godt i hop, slår jentene fast.

Tore Kleppe var sjølvsagt premiespeaker og fekk rost kvar einaste spelar før dei fekk sin fortente premie.

Trenar i Øyane

Dei to trenarane fortel at samanslåinga har sikra vidare serie- og cupspel i 2026-sesongen.

– Me var åtte jenter på laget i Øyane, medan Helge (Ask) og dei var fire. Til saman har me eit lag som kan vera med både i serien, i denne cupen og på Voss-cup. Såvidt eg veit er dette historias første, samanslåtte jentelag med Øyglimt- og Nore Neset-spelarar. Veldig kjekt, seier Ivar Bøthun.

Helge Ask nikkar samd.

– Dette har vore kjempekjekt! Me har sikra spel og også slått saman ei gruppe jenter som verkeleg har funne tonen og som no knyt band på og utanfor banen, konstaterer Ask.

Ettersom det er flest Øyglimt-spelarar, trenar dei fast i Øyane. Det fungerer veldig bra.

Søfteland gutar 10 gjer det bra og er klare for ny kamp.

Massiv innsats

Årets Kiwi Bama Cup er historisk. Aldri tidlegare har så mange lag teke del, og i vårsola på laurdag bobla det av fotballglede og folkeliv på Nore Neset idrettsplass. I løpet av helga var heile 205 lag i aksjon.

Ketil Dybfest skryt stort av den enorme innsatsen som er lagt ned i samband med denne cupen.

– Det har blitt lagt ned ein massiv innsats, ikkje berre her i dag, men også i førebuingane. Me starta arbeidet med cupen rett etter fjorårets cup. Over 200 frivillige har bidrege, fortel turneringsleiar Ketil Dybfest.

Han var ein stolt mann på laurdag.

– I dag skal me berre skina i kapp med sola. No er alt lagt til rette, vêret er supert og alle frivillige veit kva dei skal gjera. No skal me berre nyta synet av små og store som kosar seg.

Totalt skulle det spelast nesten 600 kampar. Med eit slikt storinnrykk, måtte idrettslaget søkja parkeringshjelp hos gode naboar.

– Me bad fint om me ikkje kunne få nytta Nore Neset kyrkje sine. Det sa dei ja til, så då skal me ha bra dekning, konstaterer dagleg leiar i Nore Neset IL, Eirik André Hesthamar.

Tommy Skorpen sjonglerer både dotter og trenarjobb i finvêret på Nore Neset IL.

Trenar med dotter på armen

På dei mange 3-ar- og 5-ar-banane gjekk det i eitt. For spelarane var det mykje å hengja med på, og det var det saktens for trenarar og foreldre også. Tobornspappa Tommy Skorpen sjonglerte ei kosesjuk, tre år gamal dotter og trenargjerninga for Søre Neset Tiger gutar 2019.

– Det går jo på eit vis, men det er vanskeleg å få med seg stillinga. Det skal me no uansett ikkje fokusera så mykje på det i denne alderen, slår Søre Neset-trenaren fast.

Søre Neset Tiger gutar 2019 jublar for to sigrar i cupen.

Då Os & Fusaposten var bortom, hadde han dotter Ella på armen og sonen Emrick på banen.

– Dei har vunne ein del før i dag, men nett no trur eg det blir tap. Uansett, det viktigaste er at dei har det kjekt, seier Skorpen.

Han legg til at dei er fire trenarar for denne årgangen på Søre Neset og at dei i denne cupen kunne stilla med nettopp fire lag.

– Me har over 20 spelarar. Me skal ikkje sjå bort frå at den nye fotballhallen har hatt litt å seia for rekrutteringa. Den er fenomenal, skryter Skorpen.

Her samlar Os Storm krefter og legg planen for korleis dei skal slå Bjarg i neste kamp.

La ny kampplan

Os Storm gutar 11 hadde lagt bak seg éin siger og eitt tap og var godt i gang med å kampplanen som skulle sikra siger i siste kamp.

– Gutane har spelt bra i begge kampane så langt. Det vart siger mot Jadakameratene of eit knepent tap mot Kråkenes. No ventar Bjarg i neste kamp, kunne trenar Remi Lindborg fortelja.

Han la til at Os gutar 11 hadde to lag i aksjon denne dagen.

Mia Risvold og Eline Haga Dybfest på Nore Neset jenter 13 var dommarar på laurdag.

Også for dommarane var det travelt. Dei som dømde 3-ar-fotball måtte stundom forklara reglane for både foreldre og andre tilskodarar.

Mia Risvold og Eline Haga Dybfest frå Nore Neset jenter 13 var mellom dei som hadde ein lang dag med dommarfløyta i handa.

– Når du dømmer 3-ar-fotball skal du for det meste halda fløyta i handa og ikkje blåsa så mykje. Jobben vår er meir å guida og «læra» spelarane, ikkje å slå ned på feil, forklarer duoen.

Dei vedgår at ikkje alle skjønar det.

– Det er ein del vaksne som spør oss kvifor me ikkje blåser frispark på hands og slikt, så då må me forklara dei det. Men for det meste går det greit, seier dommarduoen.

Det var rikeleg med høve til å få i seg god næring mellom slaga, både frukt, grønt og meir sommarlege forfriskingar. Denne Nore Neset-gjengen meinte det var heilt på sin plass med ein slush etter å spelt tre gode kampar.



Powered by Labrador CMS