Lars Petter Grønvigh har jobba som miljøterapeut i Bjørnafjorden kommune i sju år.

– Dette er eit lågterskeltilbod. Det handlar om å koma seg ut, få mosjon og bli sett

Trenaren i Livskvalitet-gruppa til Bjørnafjorden kommune brenn for at fleire skal hiva seg med på aktivitetane dei tilbyr.

Publisert Sist oppdatert

Lars Petter Grønvigh har jobba som miljøterapeut i Bjørnafjorden kommune i sju år. Dei siste åra har han vore trenar i Livskvalitet-prosjektet.

– Å få leggja til rette for fysisk aktivitet for folk som av ulike grunnar synest det er tøft å koma seg ut, er veldig kjekt. Det beste av alt er å sjå meistring og framgang, og det ser me mykje av, seier Grønvigh.

Null stigma

Me møter han i styrkerommet til Mova i Os Idrettspark. Det er onsdag og Grønvigh leier ei av sine faste styrkeøkter med deltakarane.

– Det varierer veldig kor mange som kjem. Me har plass til mange fleire, slår Grønvigh fast.

Han fortel at Livskvalitet-tilbodet er meir omfattande og variert enn mange nok veit om.

— Eg er sikker på at det er mange som ville hatt svært god nytte av å hiva seg med på tilboda våre.

Blant tilboda er turgruppe, styrketrening, klatring og gatefotball.

— Me har til og med terapiriding. I tillegg har me gode møteplassar, som ski- og sykkelverkstaden vår i Brugata, der du både kan jobba eller berre stikka innom for å vera sosial, og Prestebustaden der me har fleire fellestreff i veka.

Grønvigh fortel om eit inkluderande miljø.

– Her er det null stigma. Me har ingen kriterium for folk som vil vera med. Me ønskjer berre at folk skal koma seg ut av heimen, bli aktivisert og føla seg sett, poengterer trenaren.

Livskvalitet har damefotball om måndagane, tur og sirkeltrening om tysdagane, styrke og fotball (for både damer og herrar) om onsdagane, terapiriding i Lysefjorden om torsdagane og klatring om fredagane.

Alle typar menneske

Gatelag i fotball er gjerne assosiert berre med folk som har slite eller slit med rus. Slik er det ikkje.

– Me har også andre som av ulike grunnar har utfordringar med å koma seg ut i aktivitet. Uansett årsak, er alle velkomne både til fotball-, styrke- og turntreningane våre. Me har eit unikt tilbod, der hovudfokuset er å sjå folk og støtta dei så godt me kan. Det håpar me fleire vil nytta seg av, seier Grønvigh.

Han understrekar at du ikkje forpliktar deg om du møter opp.

– Dette er uformelt. Du møter opp, deltar om du vil, og så ser du når og om du vil koma igjen, seier Grønvigh som ser at mange trivst og har stor nytte av treninga, både for mosjonen sin del og sosialt.

12-vekersprogram

Då Os & Fusaposten var innom styrkerommet onsdag, følgde Grønvigh opp ein trio som har vore ekstra ivrig denne våren.

– Me har køyrd eit 12-vekersprogram med desse tre, og det har gjeve flott resultat. Alle tre har auka mykje i styrke. Det at me sette oss eit mål, har motivert, fortel Grønvigh.

Dei tre som har vore med er Amalie Sjøbø (27), Trine Mydland (36) og Robin Rosenlund (31).

– Det har vore veldig kjekt. Me har teke gode steg og det har vore inspirerande å trena i lag, seier Rosenlund.

Alle tre kunne fortelja om solid framgang sidan dei starta opp kring påske.

– Me får jo ein del støtte og sponsorhjelp. I samband med dette 12-vekersprogrammet har dei tre fått tilpassa program frå Rehabiliteringsspesialisten. Me er heldige som har moglegheit til å gje slike gode tilbod under vårt program, konstaterer Grønvigh.

Han takkar også Fana Sparebank, Os Fotball og Frelsesarmeen for god støtte.



Powered by Labrador CMS