Anni Skåtun kopierte fjorårets bragd då ho vann to EM-gull i JKA-karate i Serbia i helga. (Alle foto privat)
Anni Skåtun kopierte fjorårets bragd då ho vann to EM-gull i JKA-karate i Serbia i helga. (Alle foto privat)

Dobbelt EM-gull til Anni Skåtun

17-åringen frå Fusa held fram med å sanka EM-gull. Anni Skåtun følgte opp fjorårets sukess i Tyskland med to nye gull i JKA-EM i Serbia i helga.

Skåtun kom heim seint i går kveld, og har nett rekt å få på plass medaljane i samlinga si.

- Kor mange medaljar har det blitt no?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Medrekna konkurransar i Noreg, noregsmeisterskapen og internasjonale stemne, er det kring 40 gullmedaljar og 80 medaljar totalt. I Serbia tok eg gull i kata og i lagkata, saman med to jenter frå Bjørgvin Karateklubb, seier Skåtun.

Får oppleva verda

Det å tevla som internasjonal karate-utøvar medfører ein del reising, noko som betyr at Skåtun får vitja ulike delar av verda. Ho har som nemnt delteke i EM i Tyskland og i Serbia. I tillegg har ho debutert i VM for to år sidan. Det gjekk føre seg i Tokyo. Neste år ventar VM i Irland.

- Eg ser det absolutt som ein fordel å få reisa rundt i verda. Vi er stort sett den same gjengen som reiser, og eg trivst godt saman med dei. Det blir litt tid til sightseeing, sjølv om vi fokuserer mest på karate, seier Skåtun.

I lag med tvillingsøstrane Ingrid og Marte Mjåtvedt vann Anni også gull i lagkata i klassen jenter 16-17 år.
I lag med tvillingsøstrane Ingrid og Marte Mjåtvedt vann Anni også gull i lagkata i klassen jenter 16-17 år.

Trener kvar dag

I VM-debuten i 2014 var den beste plasseringa til fusingen ein åttandeplass i kata.

- Satsar du på pallplass i Irland?

- Nei, det kan eg ikkje seia. Det er så mange gode utøvarar på verdsbasis. Eg har som mål å forbetre åttandeplassen, seier ho.

No ventar ein pause frå stemne og arrangement, men det betyr ikkje at Skåtun ligg på latsida i sommar.

- Det er ein pause frå juni til august, men eg held fram med å trena bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kor mykje trenar du?

- Talet timar varierer, men eg trenar kvar dag heile veka.

- Skulen kjem i andre rekkje?

- Ja, konstaterer ho, før og moderer seg litt.

- Neida. Skule er viktig. Det er greitt å ha det travelt. Eg føler eg får ting gjort endå betre då, seier ho og smiler.