Overtidsskåringa til Lysekloster smakte nok godt etter at dei hadde stanga mot Spjelkavik-muren i 90 minutt.
Overtidsskåringa til Lysekloster smakte nok godt etter at dei hadde stanga mot Spjelkavik-muren i 90 minutt.

– Du kan ikkje ta frå meg den

I 90 minutt stanga Lysekloster mot Spjelkavik-muren, men på overtid fekk dei fortent nettsus og tre nye poeng.

Vinnarmålet såg mistenkjeleg ut som eit sjølvmål, men Lysekloster-stoppar Durim Muqkurtaj hevdar at han var sist på ballen.

– Det kan vera at kapteinen deira var borti ballen, men eg var sist på han. Du kan ikkje ta frå meg den, seier Muqkurtaj og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtun redda poeng

Spjelkavik, som har tidlegare Aalesund-helt Tor Hogne Aarøy på trenarbenken, er det laget i avdelinga som har spelt flest uavgjort så langt. Lenge såg det ut som at dei skulle få med seg eit poeng mot Lysekloster også. Bortelaget låg kompakt, og hadde stort sett heile laget bak ballen, noko som gjorde dei vanskelege å bryta ned. Førsteomgang var ikkje mykje å skriva heim om. Ein halvsjanse til kvart av laga var stort sett det som skjedde før kvilen. Mykje betre blei det ikkje dei siste 45 minutta. Kampbilete, der Lysekloster jobba for å finna opningar i bortelaget, held fram, men bortelaget viste tendensar når det var høve til å kontra. Faktisk kunne det sett veldig annleis ut om ikkje Chris Sunde Midtun i Lysekloster-buret hadde redda då Spjelkavik kom gjennom kort tid før slutt. Lysekloster kasta bort ballen på midtbanen og bortelaget kom med fleire mann. Heldigvis for heimelaget, svikta ikkje sisteskansen Midtun då det gjaldt som mest. I staden var det Lysekloster som til slutt kunne jubla. Heimelaget fekk frispark vel 20 meter frå mål ute på høgresida, og det presise innlegget enda til slutt opp i mål, anten frå hovudet til Muqkurtaj eller Spjelkavik-kaptein Sondre Skulstad.

Dramatisk toppoppgjer

Lyseklosters 1-0-siger gjer at dei framleis ligg på tabelltopp, tre poeng framfor Varegg. Varegg, som har osingen Kjetil Hansen i mål. tok i dag tre sterke poeng borte mot Brattvåg som ligg på tredjeplass eitt poeng bak. Brattvåg tok leiinga 4–3 eitt minutt før slutt, men to mål på overtid sikra tre poeng til bergenslaget.

Laget som starta:

Chris Sunde Midtun, Durim Muqkurtaj, Ken-Joar Lyngås Føyen, Thorvald Modahl Trætteberg, Denis Ljubovic, Håkon Moldeklev, Martin Pedersen, Joakim Helland, Vladan Radojkic, Kristoffer Østervold og Thomas Helland.

Innbytarar med speletid:

Hans-Christian Bjørnestad Nysæther og Tommy Gaustad.