Avlyst: Os Fotball ser ikkje noko anna løysing enn å avlysa året Eat Move Sleep-cup grunna smittesituasjonen i kommunen.

Eat Move Sleep-cup er avlyst: – Det er med veldig tungt hjarte

Os Fotball har måtta avlysa Eat Move Sleep-cupen i helga på kort varsel.

Årsaka er smittesituasjonen i kommunen.

– Det er med veldig tungt hjarte eg må melda at helgas Os Eat Move Sleep-cup blir avlyst. Me har heile vegen tenkt smittevern og sydd saman det som skulle bli ei fantastisk fotballhelg på Kuventræ, men i lys av dei siste dagars utvikling og dialog med kommuneleiinga, har me blitt einige om å avlysa, skriv dagleg leiar Endre Brenne på Os Fotball si Facebook-side.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
1.600 spelarar klare for Eat Move Sleep-cup: Os Fotball tek solide grep for å sikra smittevernet

Han understrekar at dette er klubbens avgjerd og ikkje eit krav frå kommunen.

– Me har stor respekt for den smitteauken samfunnet vårt står i no, skriv Brenne vidare, som på det sterkaste beklagar at dei må avlysa cupen på så kort varsel.

– Me kan lova at me kjem knallsterkt attende til neste år.

Brenne nyttar samstundes høvet til å takka alle lag og klubbar som har meldt seg på, og for alle dei fine tilbakemeldingane klubben har fått.

– I tillegg vil eg takka den fantastiske arrangementskomiteen me har her i Os Fotball som har brukt dei siste dagane på å klargjera til cup og stått på i tallause dugnadstimar, legg den daglege leiaren til.

Klubben vil no sjå på korleis laga skal få refundert påmeldingsavgifta.